
Aslak Moe melder:
I helga vart Oslo Skifestival arrangert i Holmenkollen. Dette er landets største skirenn for barn og ungdom med over 1700 deltakarar frå heile landet, og Suldal IL var representert med to deltakarar: Simon Bakka i klassen G16 og Vegard Moe Handeland i klassen G10.
Simon var først i ilden på lordagen med 5km friteknikk. Han syns sjølv han starta løpet litt forsiktig, men gjekk seg opp på slutten og kom inn til ein sterk 24.plass av 90 startande. Simon set høge krav til seg sjølv og hadde nok håpa at han var nokre sekund nærare toppen då løpet danna grunnlag for jaktstart dagen etter.
Seinare på dagen var det Vegard sin tur til å teste seg mot 130 jamnaldrande gutar i ei tøff løype der ein både får gå Hellner-bakken, Northug-flata og det historiske oppløpet i Kollen. I denne aldersklassen publiserer ein ikkje offisielle resultatlister, men det er lov å seie at Vegard gjekk eit knallsterkt løp som plasserte han heilt i raskaste enden av klassen.
Dagen etter skulle Simon ut i klassisk jaktstart. Om han var passeleg fornøgd med lordagens innsats, fekk han verkeleg vist kva som bur i han på søndagen. Med niende beste løpstid denne dagen gjekk han seg opp til 17.plass totalt. Ei svært solid plassering når landets beste er samla til løp.

For dei yngre klassane er det stafett søndagen, og Vegard var for anledningen lånt ut til Idrettslaget Ny Von i Saudasjøen i klassen Mix 11-12 år. Med 125 lag til start vart det både høg stemning og kaotiske tilstandar ved start. Vegard gjekk nok eit kjempeløp på 1.etappe, og veksla inn som nummer 16. Spesielt sterkt med tanke på at han her måtte ut og kjempe med løperar som både var eitt og to år eldre. Tindra Ness og Snorre Kufaas Saua følgde opp med solide etappar, som tok Ny Von heilt opp på ein sterk 12.plass til slutt.
På Suldal IL – ski si FB-side ligg det også videoar, dei var ikkje så lette og lasta ned.



























