Lars jublar seg i mål!

Helen Moen Gjuvsland melder:

I dag skein sola og fem frå Suldal IL stilte til start på Vestlandske skistemna på Voss. Rennet var planlagt som skiatlon , men grunna snømangel og smale snøtrasèar blei det friteknikk fellesstart.

Dei yngste kunne også delta med individuell start i år. Edel Gjuvsland var først ut i klassen J9 1 km.

Jone Gjuvsland (G14), Ida Vaarvik Laugaland (J13) og Amalie Lunde (J13) starta på likt i fellesstart 3 km. Jone og Amalie vann sine klassar og Ida fekk 4. plass.

Etter premieutdeling for den yngre garde, small startskuddet for fellesstarten kor Lars Lunde stod klar for 16 km. Han vart heia fram og gjekk inn til 2. plass.

Kjekk dag i lag på Voss i solskin kor suldølen viste godt igjen og kunne reise heim att med gode prestasjonar.