Sterke prestasjonar på banen, flott åtferd og mange gode minne blei skapt då 22 suldalsgutar reiste på Sør Cup.
Siri Handelandfotballgruppa Suldal IL, publisert i Suldalsposten 27.06.2025
Søvnen er så vidt gnidd ut av augo til både spelarar og foreldre laurdag morgon, men dommaren er ivrig og bles kampen i gong allereie klokka 7.58, to minutt før oppsett tid. Suldalsgutane sine G13 og G14-lag er på Sør Cup i Kristiansand og først ut i elden denne morgonen er G13.

Brutal start
Her gjeld det å vakna fort, for heimelaget Donn frå Kristiansand viser seg å vera eit svært sterkt lag, og dei gule og svarte får kjapt eit baklengsmål. Verre skal det bli, for i løpet av dei fire første minutta står det 3-0 til Donn. Det hjelper ikkje at suldølen stiller mannsterke med ein god heiagjeng av foreldre og søsken.

Gult kort og utvising
Suldal får ei tøff avslutning på 1.omgang med eit gult kort og utvisning. Sørlendingane gir dei tilreisande ein skikkeleg kalddusj tidleg på morgonen, og sjølv om gjengen vår hevdar seg betre i 2.omgang, er det ikkje noko å gjera med Donn som vinn 5-0.
– Rist dette av dykk, tenk på neste kamp, kjem det oppmuntrande frå sidelinja, medan spelarane går skuffa av banen.
Frå heile Suldal
Suldalsgutane er eit samarbeid mellom alle idrettslaga i Suldal, og spelararane på G13 og G14 kjem frå Nesflaten, Suldalsosen, Sand, Jelsa, Ropeidhalvøya, Erfjord og Jøsenfjorden. I eitt og eit halvt år har dei to laga spelt saman, og i eit halvt år har dei hatt Sør Cup i Kristiansand som mål. Ein cup som husar 600 lag med spelarar i alderen 7-19 år.
Ofrar seg for laget
Knappe to timar etter sjokkopninga mot Donn, står eit nytt lag for tur, Fyllingsdalen. Nå viser suldølen at dei er på hogget og spelar med eit heilt anna trykk. Gutane viser nettopp den oppofringa og den innsatsen dei er kjende for. Likevel blir det ein spennande 1.omgang. Først i 2.omgang får Suldal ballen i mål, og den ferske Suldal IL-songen ljomar frå høgtalaren. Kampen mot bergensarane endar til slutt 2-0, og håpet om eit A-sluttspel lever.

Lagbygging
Samtidig som G13 kjempar mot bergensarane, har G14 sin første kamp i Sør Cup. Dei har fått sove litt lenger enn 13-åringane, og spelar uavgjort 0-0 mot Vindbjart. Ettermiddagen går med til shopping, bading og dei som ikkje har fått dosen av fotball, finn vegen til Sparebanken Sør Arena for å sjå Start-Stabæk. Om kvelden ber det av garde til cupshow i Kristiansand sentrum med Tigergutt som det store trekkplasteret. Her får både spelarar, søsken og foreldre rocka og tenkja på litt andre ting enn berre fotball. For cup handlar også om å vera sosiale, byggja samhald og stifta nye bekjentskap.
Lange køar
Søndag føremiddag går praten livleg på cupområdet på dialektar frå heile Sør-Noreg, draktar i ulike fargar gjer seg gjeldande og heilt ukjente klubblogoar kjem til syne. Når lag vandrar rundt, er det stort sett i følgje med ein svær høgtalar som musikken dundrar ut frå. I kiosken blir køane såpass lange at både vaksne og unge kjem med nokre hjartesukk medan dei utålmodig ventar på at pizzaen skal bli klar.

Nervepirrande
Søndag er det duka for G13 sin siste gruppespelkamp, og gutane våre står heilt likt med laget dei møter, Frogner. Også målforskjellen er identisk, og spelarane forstår at dette kjem til å bli ein jamn kamp. Heiagjengen mobiliserer for fullt og veit at gutane treng den støtta dei kan få. Det blir ein jamspelt og nervepirrande 1.omgang, men ingen lag klarer å få ballen i mål. Suldalsgutane jobbar iherdig, og viser med heile seg at dei har lyst til å vinna denne kampen. Nokre minutt ut i 2.omgang får suldalsgutane løn for strevet og set ballen i mål. Jubelen står i taket. Men det er ingen grunn til å slappa av, for Frogner pressar hardt. Suldal spelar godt, og Suldals-keeperen står som ein vegg. Suldalsgutane går sigrande av banen 1-0 og er klare for A-sluttspel. Ein stor prestasjon etter å ha slått store klubbar.
Høgt spenningsnivå
Etter ein nervepirrande kamp for G13, er G14 klare for å møta Kvernbit. Suldølen er sugne på siger etter uavgjort dagen før. Suldal får tidleg eit mål og har overtaket heile kampen. I 2. omgang går Suldal opp til 2-0 etter ein corner som blir perfekt heada inn i mål. Men sigeren er ikkje sikra, Kvernbit klarer å få ballen i mål, og kjempar desperat for utlikning. Det kokar litt utpå matta på slutten, men Suldalsgutane vinn 2-1.
Ros av motstandaren
Måndag morgon kl. 08 er det på an igjen for 13-åringane frå Suldal, som møter Bryne i A-sluttspelet. Bryne spelar godt, og suldalsgutane er ikkje heilt på topp. Dei strevar med å komma forbi ei svært sterk forsvarsrekkje hos dei raudkledde. Bryne går opp i leiinga etter åtte minutt og får seg nok eitt mål før pausen.
– Ikkje gi dykk! Det er endå tid igjen, høyrest det frå sidelinja. Håpet lever enn så lenge. Men i det Bryne går opp til 3-0 forstår suldølen kva veg det går. Sluttresultatet blir 4-0, og skuffa gutar går av banen. Brått er cupeventyret på Sørlandet over. Kanskje er det eit lite plaster på såret at Bryne-trenaren kjem bort etter kampen og skryt av gjengen for at dei våga å spela spelet sitt og at dei ikkje la seg bakpå.

A-sluttspel
Rundt lunsjtider møter G14 Stokke i sin siste gruppespelskamp. Det startar ikkje heilt slik Suldal har tenkt, for etter knappe fem minuttar går Stokke opp i leiinga og det blir også pauseresultatet. Men pausepraten har tydelegvis gjort godt, for dei gule og svarte får to kjappe mål, og litt lengre ut i omgangen går Suldal opp til 3-1-leiing. Suldal ser ut til å ha sigeren i lomma, men Stokke vil det annleis. Stokke tar innpå og scorar. Slutten blir frykteleg spennande og pulsen stig på sidelinja. Suldal halar sigeren til slutt i land, og vinn 3-2. Dermed er nok eitt Suldalslag klar for A-sluttspel.
Høgt trykk
Allereie om ettermiddagen blir kvartfinalen i sluttspelet spelt. Dommaren har knapt blåse kampen i gang, før det står 1-0 til Baume. Suldølen ristar på hovudet og forstår ikkje heilt kva som skjer. Dette er ikkje starten me vil ha. Men det går ikkje lang tid før suldalsgutane viser kva som bur i dei, og utliknar. Trykket held seg høgt, og etter ei hard takling, får dei gule og svarte straffe.
Straffekonk
Suldal kan gå opp i leiinga og har sjansen til å sikra seg eit viktig mål. Men ballen vil ikkje inn, og det står framleis uavgjort. Ute på banen er det beinharde taklingar, høgt tempo og massiv roping frå foreldre og trenarar.
–Møta ballen»! Fokus nå, Suldal!. På sidelinja byrjar stemninga å bli meir og meir nervøs for at dei håpefulle må ut i straffesparkkonkurranse. Målet alle håpar på kjem ikkje, og når dommaren bles i fløyta, er straffesparkkonkurransen eit faktum.

Dramatikk til siste slutt
Spelarane stiller seg opp, og dei to første straffeskytarane gjer seg klar. Baume er først ut og set ballen sikkert i mål. Også Suldal scorar. Begge lag får fulltreffar på neste straffe, og slik held dramaet fram dei neste minuttane. Det er nervøs og spent stemning, presset stig for kvar straffe, alle veit at kampen må avgjerast. I det Suldal sin femte straffe går over mål, er slaget tapt, og Baume vinn. Dermed er G14 også ute av cupen. Gutane er skuffa, men straffekonkurranse er då også ein kjedeleg måte å tapa på. Med begge lag vidare til A-sluttspelet, har suldalsgutane all grunn til å vera stolte over eigne prestasjonar.































