Sesongen 2026 er i gong, og som vanleg startar det med IL Sand sin Statkraftcup i Suldalshallen.
Mykje er som før, miniknott og knott spelar laurdag, og lilleputt og ungdom søndag. Masse folk, stort sett jamne kampar, god innsats og godt arrangement. Det som var nytt i år, var banedekket og futsalball. I sommar blei parketten skifta ut med nytt sportsdekke. Dette er litt mjukare enn parkett, og ser ut til å fungera godt. Futsalball var det nok ikkje alle som var vane med. Dette er ein litt «daudare» ball; den sprett mindre og er tyngre og få til skot med, men for dei tekniske så sit den som limt til foten. Her hadde gjerne dei som har fått trent litt med slik ball ein liten fordel. Futsal og fotball er ikkje heilt det same.

Laurdag var dei minste i gong. For miniknottane blir kanskje 20m x 40m litt stor bane, og det blir litt få balltøtsj på ein del av spelarane. Her skal ein ikkje sjå vekk i frå at det kan bli noko endring neste år. Strengt tatt skal denne aldersgruppa spela 3’ar-fotball, slik me har fått prøve litt i bingane i Prestavikjo. Stor idrettsglede var det likevel i den yngste klassen. Har hadde me med to lag.

I knotteklassen stilte me med tre lag. Her har alle nokre år på baken når det gjeld både Statkraftcup og fotballspeling, så her blir det noko meir pasningsspel og meir involvering på alle. Litt sigrar og uavgjort, samt ein del knepne tap. Framgang i løpet av cupen blei det uansett.

Ikkje alt for mange lag som er med i dei to yngste klassane, noko som gjorde at me alle kom oss heim i passeleg tid til å nyta eit par timar i solveggen.
Søndag vart ein lenger dag, spesielt for lilleputtane. Første kamp kl 9.00, og premieutdeling om lag kl 17.00. Godt det var grått ute. Første halvdel av dagen var det travelt for dei tre trenarane som hadde fem lag og halda styr på, men spelarane var veldig flinke til å vera på rett stad til rett tid. Mange jamne kampar, som dessverre stort sett enda med eitt-målstap for fire av dei fem laga. Ein enkelt siger her og der, og uavgjort. Suldal 2 var laget som greidde å få til eitt-målssiger i staden for tap. Det gjorde at dei kom seg til semifinalen. Her blei Sand for sterke, og i bronsefinalen blei det…..eitt-målstap. Det blei ein rein Sand-finale som var utruleg jamnt, det måtte sudden death til for å kåra vinnar.

Ungdommane stilte med tre lag. Her blei det tap på to av laga, men det eine tapte alle kampane med kun eitt mål. Suldal 3 greidde seg best, og kom seg til semifinalen. Her vart Erfjord for sterke, og i bronsefinalen vann eit anna Erfjord-lag med… eitt mål. Finalen blei like jamn som i lilleputt, og her var det til slutt IL Sand som skåra det avgjerande målet. Dermed siger til IL Sand i både lilleputt og ungdom. Ingen pokal til Suldal, men representert i semifinalane.
Uansett god innsats, og kjekt at så mange er med. Flott arrangement i år også!































