
Det er klart for ny sesong for a-laget. Også i år blir det 6. divisjon, og som i fjor tjuvstarta me med Rogalandscup og Avaldsnes som motstandar. Kjekke folk desse raud-kvite frå Karmøy, men det kunne nå vore interessant med ny motstandar sidan det var same oppgjeret i 1. runde i fjor.
Det var litt spenning om det i det heile ville vera mogleg å spela kamp i Prestavikjo innan 3. mars som var fristen. Oppsett dato 14. februar var i alle fall heilt uaktuelt. Brøyting av bane gjennom vinteren hadde lagt igjen knallharde brøtyekanter langs sidelinjene som i botn hadde gått over til is. Ei stund såg det håplaust ut, men litt mildver, ein del regn og mykje godt arbeid av både a-lagsspelarar, brøytarar og andre frivillige, blei banen klar til kamp.
Godt oppmøte på tribunen, og spenning rundt eit litt nykomponert a-lag. Trenar frå i fjor, Ørjan Underbakke har gitt seg. Jone Utbjoa held fram som spelande trenar, og saman med seg har han fått med-spelande trenar Torjus Steine. Desse skal ha ansvar for det sportslege. I tillegg har Tom Gardsteig gått inn i trenarteamet, både for å vera med på treningar, leia kampar, vera oppmann, humørspreiar, sosialkomite og organisator. Dette blir eit godt team!
Eit mål for trenartrioen er å få med fleire spelarar, og så langt ser det ut til at dei har greidd det. Mange nye og unge ansikt er og sjå på trening, noko som både er kjekt og viktig for at me skal greia å ha a-laget vårt. Me er avhengig av rekruttering og at fleire ønskjer å vera med. Så er det viktig å ha med alle dei rutinerte som kan bidra med erfaring og kløkt.

I fjor blei det bom på begge dei to straffane Suldal får. I år sette Ingve Berge den første sikkert i mål, mens Isak Berekvam Steine putta den andre. Isak hadde kan henda hjartet litt i halsen, for det var med naud og neppe ballen trilla over streken. Uansett fekk me starta kampen med leiing 2-0.
Avaldsnes viste seg raskt å vera hakket sterkare enn heimelaget i banespel, og fleire gonger måtte Jørgen Andre Mikkelsen gjera feberredningar for å halda nullen. Suldal var likevel godt med i kampen, og hadde ein kjempesjanse til å skåra spelemål, samt fleire halvsjansar. Absolutt ein god start. Så kom til slutt målet til Avaldsnes, ti minutt før pause. Rett etterpå fekk dei sitt andre, slik at det til pause var uavgjort 2-2. Uansett ein god omgang, og framleis spenning.
Spenninga stod seg eit knapt kvarter ut i andre omgang, men då fekk gjestene sitt tredje mål. Suldal begynte å kjenna på trøytte bein, heile seks debutantar fekk prøva seg, og flyten og det faste mønsteret rakna. Avaldsnes fann spelemønsteret sitt, og gav seg ikkje før det til slutt stod 2-8 i målprotokollen. Det blei eit solid tap, men som det stod i Stavanger Aftenblad: Spennade i ein time!
Suldal sine mål:
0 min: 1-0. Ingve Berge Straffemål
0 min: 2-0: Isak Berekvam Steine Straffemål
Gule kort:
Maksym Dych og Rene Adjemi
Startoppstilling:
7 Yevhen Hlushko Debutant
13 Rene Adjemi
17 Maksym Dych Debutant
24 Ingve Berge
Innbyttarar:
5 Trygve Øvrebø Holgersen Debutant
6 David Gjil Debutant
8 Jonas Svennes Fatnes Debutant
23 Jone Utbjoa
25 Ole Marius Tveiten Debutant






























