Laurdag 14. mars slo me tre floger i ein smekk: Årsmøte, frivilliigfest og ei lita feiring av at idrettslaget er 80 år i år.

Me er ikkje bortskjemde med fulle hus når me har årsmøte. Me tenkte me ville gjera ein liten vri og legga det til ein laurdag med påfølgande frivilligfest etterpå i år. Ein kan nok ikkje hevda at dette grepet trekte fleire medlemmer til årsmøtet. Det var ikkje meir enn ti som møtte med stemmerett, men det var nå i alle fall nok til å vera vedtaksføre. Kolliesjon med Birken og skirenn på Voss, gjorde at skigruppa ikkje var representert denne gong. Det får bli ei vurdering om ein skal tilbake til at årsmøte er kvardagskost. Protokoll og årsmeldingar frå årsmøtet blir lagt ut når desse er klar.

Om kvelden var det klart for frivilligfesten som me har hatt annankvart år den siste tida. Kor mange som vart inviterte er me usikre på, for her er det mange. Alle trenarar, styre, gruppeleiarar, rennmannskap, banemannskap. dugnadsgjengar med meir, alle som har bidratt frivillig i idrettslaget på ein eller annan måte (bortsett frå kioskdugnadar), utgjer nok om lag 120-130 personar. 45 av desse møtte opp på samfunnshuset denne kvelden.

Siri Handeland var konferansier og leia oss stødig gjennom kvelden. Leiaren Haavard Vaage var først ut med sin velformulerte takketale. Jon Bråtveit drøste så litt om sine tankar rundt frivillig arbeid i Suldal. Olav Berge var nestemann ut med sitt innlegg om kva skigruppa held på med, godt illustrert av dronepiloten Tom Gardsteig sine videoar frå trening både på barmark og i lysløypa. Leiar i fotballgruppa, Jon Bråtveit fortalde frå aktiviteten på fotballbanen, i tillegg til å legga fram status på korleis Prosjekt Prestavikjo ligg ann. Jon var i siget, og hadde også ein sekvens om statisikk rundt frivillig innsats i Noreg. Dei som ønskjer å lesa meir om dette kan finna det på Frivillighetnorge og Norges Idrettsforbund.

Neste på programmet var ein sofaprat om idrett, frivillig arbeid, likskap og ulikskap i geografi og tid. Siri Handeland henta fram journalisten og intervjuaren i seg og leia seansen der me fekk høyra Åshild Olaug Sukka Mehus, Helene Hammer Vaage, Jens Marcussen og Tore Moe sine tankar. Mange gode innspel og vurderingar om idrett og kva som eigentleg er viktig med aktiviteten me driv. Er det å bli best, eller å ha det kjekt?

Etter to timar program var det tid for mat og drikke. Komitèen gjentok den nokonlunde enkle menyen frå to år tilbake; hamburgar til middag og is med peanøtter, non-stop og saus til dessert. Kaffi og det ein sjølv måtte ønskja i glaset.

Då maten var fortert, var det tid for resten av programmet. Sidan idrettslaget blei 80 år 21. februar i år, tok Terje Bråtveit oss tilbake i tid ved å lesa opp nokre passande avsnitt frå 75-årsjubileumsboka han og Nils Bergjord skreiv for fem år sidan. Her fekk me høyra både om Suldal Idrottslag, Fotballklubben Odin, oppstarten til Suldal IL og idrettsaktivitet i bygdo dei ti åra frå 1955-1965 der idrettslaget låg brakk. Jubileumsseansen blei avslutta med å synga songen Kolbein Bakka skreiv for fem år sidan. Taket letta seg ikkje akkurat, men kjekt og ta fram denne igjen.

Til slutt var det quiz ved master Tom Gardsteig. To tipperundar, der det vart delt siger mellom pensjonistane og ei noko yngre gruppe.

Så var det prat om laust og fast utover kvelden og natta, så lenge folk ønskja og sitta.

Komitèen, som i år var Geir Kjetil Østebø, Kjell Sigve Sukka, Tom Gardsteig og Jon Bråtveit, ønskjer å takka alle som kom og gjorde dette til nok ein triveleg kveld.