Det nysamanslåtte laget Pol/Tasta kom laurdag på besøk med 2’ar-laget sitt på ein strålande, men vindfylt dag.

Me kjenner godt til både Pol og Tasta frå før, og spesielt Pol har me hatt både kampar og sosialt lag med tidlegare. Nå har desse to klubbane som tidlegare delte bane slått seg saman. Kanskje har dei også slått ned veggene i klubbhuset dei hadde kvar sin ende av?

Førstelaget deira hadde kamp fredagskveld, og det var fleire som var med på den kampen som også stilte til start i Prestavikjo. To fotballkampar på under eit døgn for desse, altså! Sterke resultat tidlegare i sesongstarten gav dei nok tru på at det skulle gå an og få til eit godt resultat.

Suldal kjem frå tre strake tap, eitt i cupen og to i serien. Det var på tide og ta poeng! Trenartrioen mønstra eit godt og slagferdig mannskap.

Frå start såg det ut til at det var gjestene som skulle styra kampen. Dei verka robuste og viste godt pasningsspel, dei kom absolutt best ut av startblokka. Det var ikkje fritt for at underteikna tenkte at dette kom til å bli tøft for Suldal. Heldigvis greidde heimelaget og vinna ballen og kjempa seg inn i kampen utan at Pol/Tasta fekk mål i opninga.

Det er komme nokre nye reglar denne sesongen. I dag skulle me få sjå to av dei i bruk. Den første var då målvakta vår, Jørgen Andre Mikkelsen, haldt ballen lenger enn dei åtte sekunda som nå er lov. Når dommar meiner det er fem sekund igjen, viser hen det ved å halda handa i vêret og telja ned til null. Om keeper ikkje har sluppe ballen frå hendene då, så blir det dømt hjørnespark til motstandar. Jørgen har alltid likt og kjæla med ballen litt lenge, nå fekk det konsekvenser. Hjørnesparket kom det heldigvis ikkje noko skummelt ut av.

Likevel var det gjesten som kom i leiinga etter 28 minutt, då me trudde me hadde begynt og få litt kontroll i vinden. Eit skot med skummel dupp frå godt 20 meter låg plutseleg bak dagens keeper Jørgen Andre Mikkelsen. Den var litt sur.

Ti minutt seinare skulle det heldigvis komma ei utlikning, og den var av det spektakulære slaget! Eirik Naustvik fekk sendt ballen i lufta til Jone Utbjoa som stod med ryggen til mål 20 meter inn på motstandar sin banehalvdel. Han triksa ball rundt, snudde seg og sendte i veg eit skot frå nøyaktig 28.73 meter og i perfekt boge over bortekeeperen som stod noko langt ute. Ei herleg utlikning, og det visste den notoriske målskåraren og setta pris på. Jubel og energi inn i laget!

Jone veit kor målet står, også i 2026!

Andre omgang var også jamn lenge, men omlag kvarteret inni omgangen fekk me sjå endå ein av dei nye reglane i praksis. Dommaren bles for ei hending som ein spelar på Pol/Tasta ikkje var einig i. Dette viste han meir enn å berre komma med eit spontant uttykk. Reglane nå er slik at dersom ein viser seg tydeleg ueinig med dommar, så blir det gult kort og 10 minutt direkte soning på sidelinja. Følgane gir slik soning (og det gjeld også aldersbestemt 13-17 år!):

  • Ved ord eller handling viser seg uenig i dommerens avgjørelser.
  • Ved ord eller handling forsøker å påvirke dommer til å gi gult kort til en motstander (usportslig opptreden).
  • Viser manglende respekt for spillet gjennom opptreden som er provoserende eller fornærmende mot dommere, spillere, lagledere eller tilskuere.
  • Alle andre type forseelser resulterer kun i et vanlig gult kort, og spilleren kan spille videre som normalt.
  • Tidsbestemt soning for gult kort gjelder kun spillere på banen, og ikke innbyttere eller lagledelse.
  • Ein kan lesa meir her: Guide for trener, spiller og dommer til pilotprosjekt gule kort 2026 – Norges Fotballforbund

Når Suldal var ein mann meir, fekk dei meir tak i ballen og opparbeida seg eit lite overtak. Det blei ikkje mål så lenge gjestene var 10 mann på banen, nærast var Mohammed Ibrahim Dawud då han fossa mot mål slik han gjorde så mange gonger i 2024-sesongen. Avslutninga var god, men gjekk i stolpen. Like etter Pol/Tasta blei fulltallige kom vinnarmålet. Eirik Naustvik fyrte av frå om lag 20 meter, noko skrått på mål. Ein forsvarar skulle blokkera skotet, men i staden endra ballen retning og dalte ned i motstandarburet. Veldig kjekt for oss, uheldig for forsvararen.

Resten av kampen blei Suldal pressa lenger og lenger bakover. Det var tydeleg at det begynte og tæra på krefter og konsentrasjon. Kvar gong me fekk tak i ballen, gjekk det kort tid før me mista den og fekk nytt angrep i mot. Strålande moral og innsats gjorde likevel at ein greidde og ri av presset og endeleg kunne innkassera dei første poenga for sesongen.

Flott innsats. Takk til talrikt publikum, og takk til Pol/Tasta 2 som tok turen inn og trassa både få spelarar og Ombo-ferga. Nå har tre av tre lag møtt opp i Prestavikjo, det lovar godt for fleire kjekke laurdagar.

Startoppstilling:

13 Jørgen Andre Mikkelsen

5 Marius Sigstad Kaptein

16 Elias Gundersen

19 Eirik Naustvik

31 Torjus Steine

14 Håvard Fatnes

21 Rene Adjemi

23 Mohamed Ibrahim Dawud

29 Isak Berge Espe

17 Jone Utbjoa

20 Ingve Berge

Innbyttere:

7 Maksym Dych

15 Yevhen Hlushko

18 Kristian Sigstad

28 Mathias Melby Vold

Hendingar:

28′: 0-1: Eivind Boye Gundersen MÅL

34′ Cesar Sanchez Zamora Advarsel

39′: 1-1: Jone Utbjoa MÅL. Målgjevande: Eirik Naustvik.

58′ Salah Mohamed Muridi Advarsel

62′ Jean Baptiste Walelegen Darre Advarsel

68′ Isak Berge Espe Advarsel

70′

70: 2-1. Sander Sikveland Sjølvmål

97′ Yevhen Hlushko Advarsel

75′ Eirik Naustvik Advarsel