Suldal Idrettslag har denne veka overtatt bruken av den gamle brannstasjonen på Suldalsosen, etter å tidlegare i år ha inngått avtale med Suldal kommune om å disponera bygget. Bygget er framleis eigd av kommunen.
Idrettslaget har arbeidd med å få på plass denne avtalen heilt sidan det kom rykte om at det skulle byggast ny brannstasjon på Suldalsosen.
Bygget er på om lag 135 m², og formålet er garasje. Det er innlagt både straum og vatn, og allereie denne veka blei det montert vassmålar for å sikre kontroll og halde driftskostnadene så låge som mogleg. Idrettslaget skal stå for drift og eventuelle vedlikehaldskostnader knytt til bruken av bygget.
Plasseringa er òg god med tanke på den planlagde asfalterte turvegen som skal koma rett utanfor bygget.
Bygget vil bli brukt som utstyrslager for idrettslaget. Dette vil mellom anna sikre betre oppbevaring av utstyr, deriblant snøkanonar som no endeleg kan stå tørt og trygt. I tillegg håpar ein at det vil gjera det enklare for fellesutstyr og dei ulike gruppene å ha utstyr samla på éin stad.
Suldal IL ser på dette som eit positivt løft for drifta av laget og ei praktisk forbetring for dei mange frivillige som legg ned ein stor innsats gjennom året.
Idrettslaget er takksame for godt samarbeid med kommunen og ser fram til å ta bygget i bruk til beste for både laget og lokalmiljøet.
Video og bilde: Tom Gardsteig
































