Tysdag ettermiddag 21.04 skal me ut og rydda lokalmiljøet for søppel – og tena pengar samstundes 💰🙌

Bli med på Plastdugnaden og gjer ein forskjell! ♻️✨

Dette er mogleg takka vere plastposekontingenten frå medlemmene i Handelens Miljøfond, med støtte frå SpareBank 1-stiftingane.

🙏 Tusen takk til dei lokale som støttar oss:

Coop Prix, som spanderer bollar og saft til ungane som skal vera med å rydda

Mibau Stema Norge, som held oss med eingongshanskar og søppelsekkar

Vinjar Skule blir òg med og bidreg! Og det er jo berre heilt fantastisk! Dei tek ein rydderunde fredag 24.04, og me håpar at store delar av osen er rydda etter dette 💪🌊

Me syns det e så kjekt at så mange lokale bedrifter og skulen hiv seg med – det gjer det ekstra kjekt og viser ekte fellesskap.

Ta godt imot ungane som kjem rundt og ryddar hos oss 😊