Suldal Idrettslag er svært takksame for å ha blitt tildelt kr 100 000 i prosjektstøtte frå Sparebankstiftelsen Sauda.
Støtta går til innreiing av utstyrsgarasjen, som er eit viktig tiltak for å sikre betre organisering av utstyr og meir effektiv drift i laget. Med ei betre tilrettelagt løysing vil både utøvarar, trenarar og frivillige få ein enklare og meir oversiktleg kvardag.
Tildelinga er ein del av ei større runde med prosjektmidlar til gode føremål i Sauda og Suldal, med mål om å styrke aktivitet, trivsel og gode møteplassar i lokalsamfunnet.
Suldal Idrettslag set stor pris på støtta frå Sparebankstiftelsen Sauda, som over tid har vore ein viktig bidragsytar til utvikling av laget og aktivitetstilbodet vårt.
Me takkar for tilliten og støtta.
👉Nye lagermoglegheiter for Suldal Idrettslag | Suldal idrettslag

































