
Sparebankstiftinga har nok ein gong sett verdien av arbeidet me gjer for å gjera Prestavikjo til ein kjekk stad for flest mogleg, og har denne gong støtta med tilskot til sandvolleyballbane.
Denne banen er tenkt i søndre sving, bak målet mot Suldalslågen. Her er tanken at ein skal kunna spela både sandvolleyball, leika i sanden, og kanskje også legga til rette for sandhandball- og fotball.
Det er ikkje første gong Sparebankstiftinga SR-Bank støttar Prosjekt Prestavikjo. Første gong var då dei gav kr 100.000,- til tribune i 2022. Det er altså alt fire år sidan me starta opp med prosjektet, sjølv om bygginga ikkje tok til før i 2023. I 2023 gav stiftinga 500.000,- i generell støtte til Prosjekt Prestavikjo. I tillegg har dei også gitt kr 25.000,- i eldsjelgåve som er blitt lagt inn i prosjektet. Med tildelinga i år er SR-bank dermed oppe i totalt kr 725.000,- i støtte til Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!
Suldal idrettslag takkar så mykje for støtta, desse midlane er heilt naudsynte for at me skal greia invisteringane me er i gong med, og ønskjer å halda fram med i Prestavikjo!
































