Sparebanken Norge hadde i går ein ny runde med tildelingar til gode formål i Suldal, nesten 1,2 million kroner delte dei ut på kaien på Sand, og 1/3 av desse midlane gjekk til Prestavikjo.

Desse midlane gjer at me kan gå i gong med asfaltering av Nordre sving og få på plass etterlengta ballfangarnett, padeltennis og fleirbruksbane. Det er ikkje til å legga skjul på at pris på grunnarbeid og asfaltprisar er usikre og stadig endrande tal. Det hjalp ikkje på asfaltprisane at det blei blokkade i Hormuzstredet. Tilskotet frå Sparebanken Norge var gull verd og kom i akkurat rett tidspunkt. Hans Olav frå banken kom med den gode meldinga ti minutt før me skulle setta oss ned og sjå på økonomien i prosjektet, så det blei eit lystig møte, og eit kortare møte enn me hadde sett føre oss.

Med denne gåva har nå Sparebanken Norge gitt heile 1,4 million til «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!». Det er heilt fantastisk, og me er kjempeglade for å ha ein så solid støttepartnar. Det er også veldig kjekt at også mange andre i kommunen nyt godt av deira støtte. Vår gode nabo og samarbeidspartnar Suldal Samfunnshus fekk også 100.000 til energitiltak, noko me applauderer! Fleire andre i bygda, og totalt 18 organisasjonar i kommunen naut godt av gåverunden i vår.

Under ser de alle gåvemottakarane, og de kan lesa meir i Suldalsposten

Tusen takk nok ein gong!

Foto: Andreas Lange, Suldalsposten