1., 2. og 3. plass frå B-sluttspelet blei gevinsten på Sørcup 2026.

Sommarferien kom brått på enkelte i år. Om det er Sør-cup eller skuleruta i Ryfylke som er ute av synk, veit eg ikkje, men det blei to dagar tidlegare ferie på nokre 12, 13, 14 og 15-åringar i år.

Suldalsgutane- og jentene sendte i år tre lag til cupen i Kristiansand. G13-gruppa hadde to lag med spelarar på 12- og 13 år. Desse spelar til vanleg saman på G13 i serien, nå blei dei blanda til to 7’ar-lag. Jentelaget vårt er laget som spelar i J15-serien. Med litt dispensasjonar fekk me delta i J14-klassen. J15-klassen i Sørcup er 11’ar-lag, og det er me ikkje nok spelarar til. Jentene fekk dermed stilla med 9’ar-lag i 14-årsklassen. Jentene på dette laget er 14 og 15 år. Til saman blei det 15 gutar og 11 jenter på cup.

Fredagen la me drittvêret bak oss, og over Hovden kom sol og varmegrader. Begge laga blei innkvartert på same skule, slik at me fekk sosialisert oss på tvers av både alder og kjønn.

Bilde og video heilt i botn av innlegget når de klikkar dykk inn på artikkelen.

Gutane var delt inn i kvar si pulje. Det viste seg nok at det eine laget kom i ei tøffare gruppe enn den andre. Suldal 1 starta godt og slo både Søgne og Gjelleråsen ganske greitt. Ein skulle då tru at ein var sikra topp to og plass i A-sluttspelet. I siste gruppekamp møtte dei Klepp. Dei var klare på at dei måtte vinna med fleire mål for og sikra A-sluttspel, og Suldal trudde gjerne at dei alt var klare. Dermed blei det 5-2-tap for Suldal 1, eitt mål for mykje baklengs til å gå vidare. Tre lag hamna på seks poeng, og Suldal rauk ut på målforskjell. Dermed blei det B-sluttspel.

Suldal 2 fekk det vesentleg tøffare og gjekk på tre tap: Pors, Stord og Vindbjart blei for tøffe. Det var likevel marginer i enkelte kampar, og mykje bra spel, så ein måtte ha trua vidare. Suldal 2 fekk ein ekstra kvalifiseringskamp for å komma inn i B-sluttspelet. Her løsna det endeleg for gutane, og Vindbjart 2 blei slått 7-2. Dermed blei det B-sluttspel også for Suldal 2.

Begge gutelaga tok seg lett vidare til semifinale; Suldal 1 slo Ålågrd og Suldal 2 blei for sterke for Våg. Dessverre blei cupoppsettet ikkje heilt optimalt for oss i semifinalen. Det blei internoppgjer; Suldal 1 – Suldal 2. Helst skulle laga fått møtt kvarandre i finalen, men det ville seg ikkje slik. Suldal 1 hadde hatt flest sigrar, men Suldal 2 hadde spelt seg sterkt opp og verkeleg funne skåringsformen. Det skulle visa seg at Suldal 2 si formkurve framleis var på stigande, og dei blei det sterkaste laget og vann 4-1. Dei var mest målfarlege, sjølv om også Suldal 1 var nære fleire mål. Suldal 2 vann 4-1 og var klare for B-finale, mens Suldal 1 si reise enda med semifinale.

Det var nesten nabo-oppgjer i finalen, på andre halvdel stod Staal Jørpeland. Det blei ein svært jamn kamp, nå ein månad etter kampen er underteikna litt usikker på korleis stillinga veksla, men hugsar i alle fall at det såg ut til og gå mot 2-2 og straffespark-konkurranse. Dessverre fekk Staal til ei kontring i aller siste sekund og fekk ballen i mål til 3-2 og B-finalesiger. Suldal 2 fekk dermed 2. plass, mens Suldal 1 delte 3. plassen. Sterk innsats av dei to laga, dei fekk verkeleg vist seg fram med mykje bra fotball, og Suldal 1 var berre eit mål frå A-sluttspel. Ein skal og hugsa at halvparten av spelarane er 12 år og yngre enn mange av dei som dei spelte mot.

Jentelaget har blitt vane med frå seriespelet at det er jamne kampar, og det laget som får eitt mål og to svært ofte går av med sigeren. Slik blei det absolutt på Sør-cup også. Den første kampen mot Tveit/Hånes bølga fram og tilbake, og det var tilfeldigheiter som gjorde at det var Tveit/Hånes som fekk målet. Det blei 1-0-tap i ein kamp Suldal like godt kunne vunne om dei hadde fått skota sine i mål. Andre kamp var nok den kampen Suldalsjentene møtte motstand som var sterkare enn seg sjølv. Staal Jørpeland vann greitt. Før siste kamp mot Odda var jentene heilt klare på at ein i alle fall skulle skåra mål. Også denne kampen var jamn, og jentene var uheldige her også som fekk mål i mot i staden for å skåra sjølv. Nok eit 1-0-tap, og gruppespelet enda med smultring både i mål- og poengkolonna. Spelemessig var ein likevel på høgde. Dei to siste laga i pulja går vidare til B-sluttspel. I semifinalen blei det meir motstand frå Ryfylke, Finnøy-jentene stod klare. Om jentene var motiverte for å få sitt første mål i sist kamp, var dei i alle fall det nå. Kanskje var det ein ekstra boost og få seia dette på NRK Sørlandssendinga? Det blei i alle fall eit par gode minutt med suldalsdialekt på radioen for sørlendingane som ein kan høyra her. Suldal fekk kampen sitt einaste mål, og kunne jubla både for det og finaleplass i B-sluttspelet.

Finalen skulle gå mot laget Bjørgum frå utkanten av Bergen. Nå når jentene fann ut av kor målet stod, skåra dei likegodt to mål i finalen, og slapp berre inn eitt. Dermed enda turneringa som starta med dårleg utteljing opp med full pott, finalesiger og stor pokal!

Tre lag med gode opplevingar både på og utanfor banen. Mange foreldre og andre slektningar som møtte opp og heia både på jentene og gutane, Alf hadde med høgtalaren og sytte for at Suldalssongen ljoma på slettene, og jammen blei ikkje fleire av oss litt brende av sola også. Bading og shopping, samt cupshow i Kristiansand sentrum fekk me og med oss. Nattkampen Norge-Senegal var det også mange som hadde planar om og sjå, og det bleir rigga til med storskjerm både på jente- og guterommet. Det opplegget enda med at det berre var ein av ungdommane som fekk med seg heile kampen, Noreg vann mens suldølane snorka i soveposane.

Takk til alle vaksne som var med og køyrde, sov, organiserte, leia laga (Johan, Iren, Jon), sytte for god steming, heia og knytte band på tvers av grendene. Og sjølvsagt takk til alle spelarane som hadde eksemplarisk åtferd, var motiverte, blide, sosiale og ikkje minst viste stor innsats på banane!

Suldalsjentene J14 (som til vanleg er J15): Bak: Jon, Siren, Silje, Iren. Framme: Nathalie, Minea, Ingeborg, Sofie, Monja, Malene, Hanna, Serina. Keeper: Julie.
Suldal 2 som fekk sølv i B-sluttspelet: saman med nokre av Suldal 1 spelarane. Suldal 2 lånte innbyttar frå Suldal 1 til kvar kamp. Bak: Mohammed (Suldal 1), Bailey, Aksel, Leo, Marius, Jonas (Suldal 1). Framme: Terje, Tjerand (Suldal 1), Lars (Suldal 1), Henok, Emil (Suldal 1). Liggande: Nephtalem. Dei andre på Suldal 1 som var med, men ikkje til stades på bildet: Ørjan, Håvard, Elias.

Venstre: J14 jublar for siger i B-finalen. Ingeborg, Siren, Minea, Serina, Silje, Julie, Hanna, Sofie, Nathalie, Malene og Monja. Høgre: Suldal 2 med lånespelarar jublar for sølv i B-sluttspelet.

Venstre: Fair Play-helsing mellom suldalslaga før semifinalen. Høgre: Gutane varmar opp.

Venstre: Jentelaget blir intervjua av NRK Sørlandssendinga før kampen mot Finnøy Lydklipp her. Høgre: Det blei tid til bading på ein flott badeplass rett ved skulen me overnatta på.

Gutane tek ein pust i bakken i varmen.

Video under: Jentene vinn B-finalen:

Video under: Fair Play-helsing før Suldal 1 møter Suldal 2 i semifinalen i B-sluttspelet.