Det blei sorpa på Kjølvikstølen!

Det var mange som kikka ekstra på Yr.no i dagane før cupen på Kjølvikstølen laurdag 19. september, for varselet var til tider ille!

Kl 8:30 møtte dei første opp, miniknott og lilleputt skulle først til pers. Me var akkurat i gong med å setta opp telta då vatnet plutseleg datt ned frå himmelen! Dette kunne bli interessant. Arrangørane frå Haugil IL var nok litt uroa for grasmatta og korleis dette skulle gå.

Men då dommarane bles i gong dei førsta kampane, slutta regnet, og det haldt seg vekke i alle fall så lenge miniknott, knott og lilleputt spelte. Det var ungdommane som fekk det vått i dei siste kampane sine. Alt i alt må ein seia ein var heldig med veret likevel. Grasbanen fekk rett nok køyrt seg, og spesielt lilleputtane blei tunge i beina mot slutten

Suldal IL stilte med to lag i miniknott, fire i knott, tre i lilleputt og eitt i ungdomsklassen. Totalt 85 spelarar i gult og svart.

Underteikna var opptatt store deler av dagen med lilleputt, så kva som skjedde på kunstgraset med miniknott og knott har ein ikkje så mykje detaljekunnskap om, men reknar med det gjekk veldig godt. Her er det kamp for kamp, og når kampen er slutt er det ingen som fører resultat og tabell.

Knottelaga

Lilleputt er kanskje den klassen med mest engasjement når det kjem til antal lag og kamp om pokalar. Her skal det kårast vinnarar. Det skal seiast at me i Suldal er på grensa til kva ein skal gjera i barnefotball, kanskje litt over, når me har tabell og resultat i denne klassen. Barnefotball utan resultat er opp til og med 12 år. I lilleputt er det 11-13-åringar som konkurrerer….

I mange år har det vore Erfjord eller Sand som har dominert lilleputtklassen. Suldal har kanskje hatt eitt lag som har hevda seg, men med flest lag har det ofte blitt litt ned på resultatlista. I år gjekk alle resultat rette vegen for oss. Det var veldig kjekt at alle kampane mellom alle lag i denne klassen i år var svært jamne. Stort sett alle kampar enda med eitt mål i favør det eine laget, om det ikkje blei uavgjort. Då arrangøren skulle telja opp etter at alle laga hadde møtt kvarandre, måtte ein ned på målforskjell for å plukka dei fire laga som skulle til semifinale. Eit lag frå Sand hadde vore best i seriespelet, med Suldal 3 på andre plass. Så vist det seg at både Suldal 1 og Suldal 2 også hadde marginane med seg og kapra semifinaleplass.

I semifinalane blei alt snudd på hovudet. Sand og Suldal 3 hadde brukt opp kreftene, slik at det var Suldal 1 og Suldal 2 som møttest i finalen. I bronsefinalen trakk Suldal 3 det lengste strået i ein jamn kamp der spelarane sprang meir enn dei eigenleg orka i gjørma, mens det i finalen blei like jamn, men med Suldal 2 som til slutt fekk ballen i mål flest gonger. Dermed blei det heilgult og svart på pallen i 2026, det er lenge sidan sist! Cup er cup og ballen er rund!

Lilleputtane tok både gull, sølv og bronse i lilleputtklassen i år.

I ungdomsklassen er det framleis slik at det er Sand og Erfjord som kjempar om kven som er kvassast. Suldal stiller ofte med to lag, men i år var det heilt på grensa til at det gjekk. Derfor blei det ein stor tropp, men dessverre utan spelarar frå det eldste årskullet. Då blir det litt tøft mot Sand og Erfjord. Likevel blei det heiderlege resultat mot desse to laga. Nesflaten var det fjerde og siste laget i ungdomsklassen. Dei hadde berre seks spelarar. Så når Suldal har litt mange, og Nesflaten for få, så er vel ingenting betre enn om to gode naboar hjelper kvarandre. Suldal lånte dermed vekk to spelarar til Nesflaten i kvar kamp. Vinn-vinn: Nesflaten får fullt lag, og suldalsspelarane får meir speletid.

Det blei Erfjord som vann årets cup med siger i finalen mot Sand. Suldal tok tredjeplassen ved å slå Nesflaten i bronsefinalen.

Det blei bronse på ungdommane.

Så ebba cupen mot slutten. Nokon hadde sin første cup, mens andre var på sin siste cup. Nokon skårte sitt første mål. nokon fekk seg gjerne ein smell. Nokon hadde ein superredning, mens andre serverte tidenes pasning. Dei som var på kunstgraset for like reine heim som dei kom, mens dei eldste som spelte på naturgras måtte heim og ha ein runde med vaskemaskina.

Haugil IL arrangerte ein flott cup, det er kjekt at me turnerer rundt i kommunen kvar haust. Me håpar me kan halda fram med at dei fleste grendene arrangerer cupen!

Takk til spelarar, trenarar og støtteapparat, vel blåst!