Motstandarane MIL og dommaren.

Første treningskamp av året er unnagjort, og det var kjekt å få spele kamp på bane igjen.

Midtbygden spurde for to dagar sidan om me kunne stille lag mot dei i den flotte hallen, og me var ikkje seine å be når ein slik sjanse byr seg. Sidan det vart midtvekekamp, var det berre byasane som stilte for Suldal denne gang.

Innendørsbanen er noko mindre enn full storleik, og laga spelte med åtte utespelarar kvar. Bytta vart gjort på handballvis på tett bane med raskt underlag. Me tenkte nok at MIL hadde god trening med å spele slik type fotball, og at dei kom til å starte med høgt tempo. Det gjorde dei til gangs. Første målet kom etter eitt minutt på hjørnespark. Og rett etterpå fekk dei 2-0. Dette såg stygt ut.

Men like etter 2-0, reduserte me, og kom inn i kampen. Tore Sørås fekk ballen litt innpå MIL sin halvleik og klemde til. Ballen slo i tverrliggjaren og ned. Då ballen spratt opp igjen, var Vegard Aas framme med pannebrasken og heada ballen i mål.

Suldal i oppvarming. For høvet i raudt.

Så kom tjue minutt der spelet var ganske jamnt. Spelet bølga fram og tilbake, og det vart sjansar til begge lag. Fleire ganger fekk me spelet til å gli, og spesielt Terje Gjuvsland var aktiv frå sin høgreback og var stadig med framover og skapte rom og sjansar.

Siste del av første omgang tok så heimelaget over og fekk tre mål. Noko slurv og farlege balltap var årsaken til dette, samt eit noko billeg idømt straffespark.

Sidan me ikkje hadde eigen målvakt tilgjengeleg på kort varsel, fekk me låne Sveinung Målmann av MIL. Han forhindra nok eit par baklengs til i denne perioden med flotte reaksjonsredningar.

Me er ikkje spesielt vane med å spele med åtte utespelarar. Derfor måtte me prøve oss litt fram for å finne formasjon. Me spelte med 4-3-1 i første omgang, men vart nok for baktunge. Tanken var å demme opp for doblinga dei pleier å ha på kanten. Men i pausen la me om til 3-3-2, og det gjorde at me kom lenger opp i banen i andre omgang.

Denne omgangen vann me med 3-2, slik at det vart 7-4 til heimelaget til slutt. Første målet i andre del av kampen kom nok ein gang ved Vegard på hovudet. Så spelte Vegard gjennom Halil Husic som gjorde comeback etter krossbandskada si for to sesongar sidan. Han kunne enkelt setje ballen i ope mål. Siste målet vårt var det Rene Adjemi som fekk æra av å putte frå eine sida.

Bakover sat det til tider bra, med midtstopparane Thomas Brustveit og Rune Andre Laugaland i sjefsrollene. Når spelet går så kjapt, er det viktig å komme kjapt oppi, blokkere og få ei tå på ballen. Det greidde dei ofte bra. Vidar Hilde hadde og nokre minutt her med stort hell. På kantane spelte i tillegg til Rene Daniel Kristiansen (comeback), Ørjan Underbakke og Svein Egil Holmestad. Fleire ganger inviterte dei fint til gjennomspel, og kunne nok fått litt fleire ballar å jobbe med. Me må våge å slå krosspasningane, spesielt i treningskamp.

Eit par spelarar gjorde sin debut for Suldal i a-lagssamanheng. Bjørn Ø. Vidvei og Sindre M. Steine spelte omlag halve kampen kvar på kvar sin back og kom bra frå det. Men nå er det  spørs om denne kampen kan teljast som skikkeleg kamp då… Det blir nok uansett nok offesielle kampar denne sesongen, totalt skal Suldal spele 40 seriekampar i år!

Ein nøgd gjeng kunne setje seg på ferja «heim» til Stavanger. Kor nøgde dei var kan du sjå på bileta under!

Fakta:

Mål:

1-2: Vegard Aas

2-5: Vegard Aas

3-5: Halil Husic

4-6: Rene Adjemi

Lag:

Sveinung Målmann (lån frå MIL) – Terje Gjuvsland, Thomas Brustveit, Rune Andre Laugaland, Vidar Hilde, Bjørn Ø. Vidvei, Sindre M. Steine – Daniel Kristiansen, Tore Sørås, Rene Adjemi, Svein Egil Holmestad, Ørjan Underbakke, Halil Husic – Vegard Aas.

[imagebrowser id=22]