Gjengen som for på tur. Klikk for større bilete.

Det var stor uvisse rundt den planlagde treningssamlinga a-laget hadde planlagt på Os helga 26.-28. februar.

Uvanleg store snømengder gjorde veka i forkant noko nervepirrande for dei ansvarlege. Men Os si fotballgruppe lot ikkje snøen stoppe seg; dei har ein gammal kunstgrasbane dei driv og måkar. Dermed kunne den tidlegare Suldalstrenaren Jan Ove Sæbø invitere til trening og treningskamp mot sin nye klubb Fusa.

Heile 31 spelarar og to trenarar hadde meldt seg på turen. Sjukdom og jobb gjorde at det til slutt var 26 spelar Ståle Sørås og Jon Bråtveit hadde og rå over denne helga. Mange ungdommar utan bil og sertifikat gjorde at det var ein del logistikk som måtte klaffe for å få nok bilar. Kanskje me bør tenkje på buss til neste gong? Men me fekk det til, og fredag ettermiddag la me i veg.

Knut har vore i far sitt skåp og funne ein gammal Sandsdrakt. Han greier ikkje heilt innfinne seg i at han nå spelar for SULDAL.

Me kom fram til Os i åttetida. Då var det berre å sjekke inn på Bjørnefjoden Gjestetun. Dette var ein glimrande overnattingsstad for ein gjeng som oss, og me vart innkvartert i romslege leiligheiter. Så var det å skifte til treningstøy og ut for ei knapp to timar lang treningsøkt på ein litt glatt, men for årstida brukbar bane. Treninga avdekka nok at det ikkje berre er silkeføter som skrur «an som Beckham i troppen. Tilslag og presisjon er noko mange må jobbe med. Likevel er det fleire som har svært gode pasningsføter som me må vite å nytte oss av.

Etter treninga bar det i veg på etegilde hos Peppes» Pizza i Osøyro sentrum, før me samla oss rundt i leiligheitene på Bjørnefjorden. Nokon hadde lese førehandsinformasjonen godt og gjekk til ro då dei skulle, medan andre nok hadde hoppa over punktet om tidspunkt for God natt.

Likevel kom alle seg opp til ein kjempegod frukost, før det bar i veg tilbake til Kuventræ Idrettsplass og kamp mot Fusa. Sola varma såpass at banen nå var mykje betre enn kvelden i førevegen. Jan Ove hadde samla saman begge laga sine, Fusa 1 som i år rykka opp til 4. divisjon, og Fusa 2 som ligg i 7. divisjon, altså perfekt motstand for Suldal sine to lag.

Fusa 2 – Suldal 2 3-2 (0-2)

Den første kampen gjekk mellom 2’er-laga og var tidenes første b-lagskamp for eit 11-mannslag i Suldal IL. Både trenar og spelarar var svært

Daniel hadde god kontroll i sitt come-back.

spente på korleis dette skulle gå, og håpa særleg at det ikkje skulle bli eit stortap som skulle stele motivasjonen frå det unge og urutinerte laget. Heldigvis viste det seg at om laget er ungt, så kan dei spele fotball!

Første omgang var svært bra av ungdommane, dei trødde godt til i taklingane og våga å halde på ballen og spele seg fram til sjansar. Med solid spel både frå keeper og backfirar, våga og midtbanen og spissar å halde på ballen og ta sjansane då dei baud seg. Spesielt viste stopparduoen Ådne Nærheim og Sindre M. Steine godt igjen med resolutte inngripnadar. Me kan og nemne gode redningar av Ingve Berge i mål.

Framover på banen var dei på midten hissige til å vinne ball, og Daniel Kristiansen var hovmeister og serverte ballar rundt om på heile banen. Ørjan Underbakke viste og gode takter, og alt etter ni minutt kom han gjennom på venstresida og lobba ballen elegant over Fusa 2 sin målvakt. Kaldt og roleg gjort, og eit flott mål.

Tor Kåre skåra i sitt come back.

Fem minutt seinare kom 2-0 etter eit av Ådne sine mange gode frispark. Ballen traff Tor Kåre Møgedal godt med hovudet, og han stanga inn til nettsus. Tor Kåre er ein mann for store hendingar. Sist han laga mål for Suldal var mot sjølvaste FK Haugesund, og nå i den første kampen for Suldal 2.

Resten av omgangen hadde Suldal 2 god kontroll, og det var ein positiv gjeng som samla seg til pause.

Andre omgang starta og greitt, men eit kvarter ut i omgangen fekk Fusa 2 ei svært tvilsam redusering då spissen deira var i soleklar offside. Ingve kunne lite gjere med det målet. Rett etterpå fekk og vertane eit billeg sjølvmål. Det er spørs om folk begynte å bli trøtte og mista konsentrasjonen, for resten av kampen var ikkje me på høgden. Det vart lite spel, og til slutt var det Fusa 2 som trakk det lengste strået. Kommunikasjonssvikt bak enda med ei frustrert takling i straffefeltet. Ei heilt klar straffe som vart sett sikkert i mål. Det enda dermed med tap 3-2, men gode takter gjer at det ikkje var ein slagen gjeng som overlot banen til a-laga.

Fakta:

Mål:

0-1: 9 min: Ørjan Underbakke

0-2: 14 min: Tor Kåre Møgedal

Lag:

Ingve Berge – Dagfinn Nærheim, Ådne Nærheim, Sindre M. Steine, Terje Gjuvsland – Fredrik Deilkås, Christer Hansen, Daniel Kristiansen, Svein Egil Holmestad – Ørjan Underbakke, Tor Kåre Møgedal

Innbyttarar: Sigvart Vårvik, Vidar Hilde, Andreas Groven, Halil Husic, Erik Bård Bråtveit

Fusa a-lag – Suldal a-lag 0-2 (0-0)

Det låg mykje prestisje i kamen mellom Fusa 1 og Suldal 1. Jan Ove har som sagt trent oss før, og nå skal han plassere Fusa trygt på tabellen i 4. divisjon.

Kampen starta med høgt tempo, og laga eigde litt kvar av første omgang. Fusa var nok dei beste, og burde ha leia kampen med eit par mål til

Godt come back av Halil etter langt skadefråvær.

pause. Dei kom nok litt for lett til nokre gjennomløp. Her må me bli betre til å setje press på ballførar i midtbaneleddet og falle betre av bak. Berre dårlege avslutningar og ein god Tor Hallvard Århus i mål gjorde at det stod likt til pause. Suldal hadde sjansar dei og, samt periodar med godt spel, men altså med Fusa som hakket hvassare.

I andre omgang derimot, kom Suldal betre med, me var meir tolmodige i presset og våga å halde på ballen. Laget jobba og sleit hardt i lag for å få kampen over på vår side. Spissane Knut Foldøy og Geir Bjarte Hoftun kom nok ikkje til så mange sjansar, men reiv og sleit i forsvarsrekka til motstandaren.

Då Halil Husic og Erik Bård Bråtveit kom inn uti omgangen kom endeleg ketsjupen or flaska. Halil haldt på ballen til han fann medspelarane. Han

Erik Bård skåra hat-trick på ti minutt då han blei flytta fram.

var og utradisjonell som ving, og gjekk vel så ofte innover i banen som ut på kanten. På motsett side var og førsteårssenior Fredrik Deilkås god og kom rundt med stor fart og svært godt utvikla grunnteknikk. Når så Erik Bård var målkåt så det haldt, enda det med ein vel stor siger. Erik Bård var ikkje verre enn at han laga hat-trick på ti minutt då han først fekk sjansen.

Første målet lobba han fint i mål etter eit av sine mange gjennomløp. Ein god prestasjon. Dei to neste måla var omtrent ferdigskåra, men ein god spiss er på rett stad til rett tid. 2-0 kom etter at Tore Sørås tråkla hardangersaum lags dødlina og la ut til Erik Bård som kunne breiside ballen i mål. Sterkt av Tore. Det siste målet kom etter eit flott legg frå Halil.

Fakta:

Mål:

0-1: 65 min: Erik Bård Bråtveit

0-2: 70 min: Erik Bård Bråtveit

0-3: 75 min: Erik Bård Bråtveit

Lag:

Tor Hallvard Århus – Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Thomas Brustveit, Erik Bård Bråtveit – Øystein Nærheim, Tore Sørås, Rene Adjemi, Bjørn M. Steine – Knut Foldøy, Geir Bjarte Hoftun

Innbyttarar: Sigvart Vårvik, Ådne Nærheim, Vidar Hilde, Fredrik Deilkås, Halil Husic

Epilog

Herleg å få ein siger og slå Jan Ove, som og spelte ei stund for Fusa. Siste 20 minutta spelte me svært bra. Men me må og hugse at me fort kunne ha

Jan Ove har trent oss, nå trenar han Fusa.

lege under til pause. Med to kampar i bagasjen som me må kunne seie oss godt nøgde med, pakka me og reiste inn til Bergen sentrum for å ete, feire og knytte nærare band med både kjente og ukjente.

Det vart ein tur med godt utbytte både fagleg og sosialt. Takk til Jan Ove som inviterte oss opp.