Denne helga har a-lagstroppen hatt samling i Stavanger.

Eit godt samarbeid med Hinna FK gjer at me får låne bane til trening av dei i vekene slik at by-gjengen får springe frå seg utandørs og. Samarbeidet førte og til at me fekk låne bane til treningssamling med dertil høyrande treningskampar for begge laga våre. Fredagskvelden spelte Suldal 1 mot Hinna 2, og 2’er-laget møtte Hinna 3.

Hinna 2 – Suldal 1 5-3 (3-2)

Desse to laga har møtt kvarandre fleire ganger før, og Suldal har greidd seg bra mot dei. A-laget til Hinna satstar sterkt i 3. divisjon i år, og har henta inn fleire forsterkingar. Dermed har nokon av 3.divisjonsspelarane trappa ned på 5. divisjonslaget i år. Det viste seg og raskt at Hinna 2 hadde fart i beina og godt spel. Dei første 20 minutta fekk ikkje Suldal til noko som helst, mens Hinna fekk gjere som dei ville. I første omgang fekk heimelaget tre mål som me burde ha unngått. To ganger fekk motstandarane stå umarkert i feltet slik at dei enkelt fekk putte ballen forbi vår nye målvakt. På eitt av desse måla greidde me og å bomme på ballen då det skulle klarerast. Hinna sitt 2-1 mål var og av det enkle slaget, då keeper vart for nonsjalant og prøvde å drible motstandaren. Det gjekk ikkje. Men elles greidde han seg godt i sin første omgang for Suldal. Tor Hallvard Århus kom inn i andre omgang og spelte som vanleg ein god kamp.

Med 40 kampar for dei to laga til Suldal denne sesongen, bør me har meir enn førstekeeper Tor Hallvard og ungdommen Ingve Berge som målvakter. Erik W. Vold har og sagt seg viljug til å stille om det trengst og passar. Med NN bør me i år ha god dekning på denne viktige plassen. Me held ein Suldalsprofil på spelarane våre, men målvakter veks ikkje på tre i kommunen, derfor dette innslaget frå Stavanger.

Hinna sine to siste mål kom i slutten av andre omgang på straffe og kontring då me jakta utlikning.

Suldal sine mål kom på følgande vis: Første utlikninga vår kom ved Halil Husic. Etter 19 minutt kom han fri på venstresida og sette ballen fint forbi keeper frå kanten. Andre målet vårt var det spissen Vegard Aas som stod for på gjennomløp etter flott pasning frå Tor Olav Berge frå backen. I første omgang fekk Tore Sørås sjansen til å utlikne til 3.3 på straffe, men denne vart for laus og keeper redda.

I pausen lova Tore å rette opp straffemissen, og det gjorde han då han utlikna på retur etter skot frå Fredrik Deilkås midtvegs i 2. omgang. Om Suldal starta dårleg, så kom dei nå i gang og fekk spelt litt i dag og. Men fleire av spelarane hangla med litt slappe kroppar, så den store spruten og overskotet i spelet mangla. Begge lag skifta på å føre kampen, men Hinna var nok hakket betre. Derfor var det fortent at dei til slutt stod som sigerherrar i denne kampen.

Fakta:

Mål:

1-1: 19 min: Halil Husic

3-2: 32 min: Vegard Aas

3-3: 68 min: Tore Sørås

Lag:

NN – Tor Olav Berge, Knut Foldøy, Tor Arne Sigstad, Øystein Nærheim – Fredrik Deilkås, Tore Sørås, Rene Adjemi, Halil Husic – Vegard Aas, Erik Bård Bråtveit

Innbyttarar: Tor Hallvard Aarhus, Terje Gjuvsland, Rune Andre Laugaland, Geir Bjarte Hoftun, Bjørn M. Steine

Hinna 3 – Suldal 2 4-3 (4-2)

2’er-laget vårt fekk sitt andre knepne tap i kampen mot Hinna sitt 3’er-lag. Det vart ein lang, tung kamp sidan første omgang medførte fire mål til motstandaren på gjennomløp. Manglande press på ballførar og ei forsvarsrekkje som brukte tid på å finne ut korleis dei skulle ligge gjorde at forspranget blei stort. Bortsett frå desse måla, spelte Suldal 2 betre og hadde absolutt ballen mest. Det var berre ikkje god nok utteljing på sjansane som vart skapte. Dessutan vart det og nølt for mykje når ein kom i skotposisjon. I andre omgang betra det defensive spelet seg betrakteleg og det var i grunn rart at det berre blei eitt mål til oss i denne omgangen.

Øyvind Gjuvsland fekk prøve seg som spiss frå start, og denne sjansen greip han godt. Han er god til å bevege seg og ivrig etter å få ball. Derfor kom han og til fleire sjansar. Det såg lyst ut i byrjinga av kampen, sidan Øyvind putta ballen i mål på retur etter berre åtte minutt. Men så kom altså dei fire måla til Hinna, og derfor var ikkje jubelen like stor då Øyvind rett før pause runda keeper og ordna pauseresultatet til 4-2.

Som nemnt, var det me som styrte spelet i andre omgang, og Bjørn M. Steine fekk til tider gjere som han ville på venstrevingen. Dessverre enda det berre med eitt mål, men det var av det vakre slaget. Bjørn fekk ballen litt inn på vår halvdel av banene. Han sette fart nedover kanten, runda spelar etter spelar, skar inn mot mål og plasserte vakkert i motsett hjørne. Flott prestasjon.

Resten av omgangen venta me på utlikninga, men den kom aldri. Dermed håpar me på ein siste sjanse til siger før seriestart dersom Hjelmeland stiller to lag mot oss på 2. påskedag.

Fakta:

Mål:

0-1: 8 min: Øyvind Gjuvsland

4-2: 42 min: Øyvind Gjuvsland

4-3: 70 min: Bjørn M. Steine

Lag:

Ingve Berge – Dagfinn Nærheim, Thomas Brustveit, Reidar Hagen, Terje Gjuvsland – Vidar Ritland, Christer Hansen, Daniel Kristiansen, Bjørn M. Steine – Geir Bjarte Hoftun, Øyvind Gjuvsland

Innbyttarar: Sindre M. Steine, Erik Bård Bråtveit, Øystein Nærheim, Kjetil Berget