I år som i fjor heldt me generalprøve mot Hjelmeland. Den lange vinteren sette stoppar for graskamp, dermed vart kampen spelt på det nye, flotte anlegget til Staal på Jørpeland.

Mange fråfall gjorde at me var vel få, dessutan måtte me låne oss målvakt av Hjelmeland. Spørs om ikkje målvakta spelte seg inn i førsteoppstillinga til Hjelmeland, for han gjorde ein god kamp for oss.

Mangel på friske bein gjorde seg etter kvart gjeldande utover i kampen, men første omgang gjekk stort sett bra. Dessverre kom me under etter eit frisparkmål etter 14 minutt, men me svarte minuttet etterpå då Bjørn M. Steine kom gjennom på venstresida. Han skar inn i feltet og kunne sentre enkelt inn til Erik Bård Bråtveit. Åleine framfor mål, kunne han berre breiside ballen i nettet.

Erik Bård var nære på å gi oss leiinga og på eit hovudstøyt etter flott innlegg frå Geir Bjarte Hoftun, men målvakta deira fekk ei hand på ballen og slo den i tverrliggjaren og ut. Men Geir Bjarte var involvert i leiarmålet okke som. Eit av innkasta hans traff ein Hjelmelandspelar, og ballen trilla roleg inn i mål bak ein øvejidde keeper.

Første omgang ebba ut med leiing 2-1 til Suldal. Leiinga burde vore større for Suldal var best, sjølv om Hjelmeland spelte seg fint gjennom på kantane ved nokre høve.

Men om 1. omgang var godkjent, kan ein ikkje seie det om andre omgang. Tempoet vart for lågt, og mange fekk trøtte bein. Dette førte til at det var motstandarane som sette fart på ballen, vann duellar og etterkvart vart farlegaste. Overtaket i spel måtte få følger, og etter ein knapp time kom utlikninga. Evigunge Ronny Mæland kom seg gjennom Suldalsforsvaret, runda keeper, og kunne plassere ballen i tomt mål.

Mæland var og mannen som gav Hjelmeland leiinga på frisparket i 1. omgang, og jammen var det ikkje han som kunne skyte dei kvitkledde i ei 3-2-leiing og etter 77. minutt. Denne karen har sikkert laga opp mot hundre mål mot Suldal gjennom mange år for Årdal, og nå Hjelmeland. Det skal ikkje vere lov å halde på slik!

Sjølv om det var såvidt enkelte av våre bein hald ut kampen, så greidde me å få ei utlikning på hjørnespark, eitt minutt på overtid. Det var den sentrale midtbanen vår i denne kampen som stod for det. Knut Foldøy slo eit flott hjørnespark. Opp i feltet steig Rune Andre Laugaland og stanga ballen kontant i mål. Rune Andre som rett før låg nede med krampe for andre gang i kampen…

Alt i alt eit rettferdig resultat. Ikkje ein spesielt god generalprøve før sesongstart 16. april borte mot Brodd 2, men me har vonaleg ein noko breiare stall til dess.

Fakta:

Mål:

1-0: 14 min: Ronny Mæland

1-1: 15 min: Erik Bård Bråtveit

1-2: 43 min: Sjølvmål

2-2: 59 min: Ronny Mæland

3-2: 77 min: Ronny Mæland

3-3: 90 min: Rune Andre Laugaland

Lag:

Håvard Målmann (lån frå Hjelmeland) – Nils Arne Moe, Tor Arne Sigstad, Thomas Brustveit, Robert Sjøholt – Rene Adjemi, Knut Foldøy, Rune Andre Laugaland, Bjørn M. Steine – Geir Bjarte Hoftun, Erik Bård Bråtveit.