Som venta vart det ein tøff start for Suldal 1. Borte mot Brodd 2. I sesongpremiera enda det med tap.

Oppladninga til Suldal har som for dei andre laga vore prega av den kalde vinteren. I treningskampane har me både vunne, spelt uavgjort og tapt. Brodd satsar ganske hardt med førstelaget sitt i 3. divisjon, og dermed dryp det og gode spelarar på 2’erlaget deira.

Debutant 1: Knut

Men det var Suldal som starta best på Midjord kunstgras på Storhaug. Alt etter to minutt tok Suldalsdebutanten Knut Foldøy eit av sine etter kvart mange gode hjørnespark. Dette var Tore Sørås berre små centimetrar frå å setje i mål. Suldal haldt fram med presset, og etter 11 minutt fekk me løn for strevet. Geir Bjarte Hoftun fann spissmakkar Erik Bård Bråtveit på gjennomløp. Erik var kald og roleg, runda ein forsvarar og sette ballen fint til side for keeper. EIn god start av bortelaget.

Brodd 2 hadde nokre småsjansar der dei dobla på kantane sine. Dei hadde eit par spelarar i forsvarsrekka si som var gode til å slå krossarar over på vingane sine, og for å dekkje opp for desse, vart nok me pressa litt lågt med våre vingar i periodar. Men med iherdig arbeid og kollektivt press, greidde me å demme opp for desse forsøka frå heimelaget. Godt press både frå spissar, midtbanespelarar og forsvararar fekk det til å sjå bra ut frå sidelina.

Så lenge me våga og hadde tru på at det å halde ballen i laget var det som tener oss best, så hadde me god kontroll på kampen. Men etter at halvtimen var spelt begynte Brodd 2 å spele ballen mellom seg langs bakken bakfrå. Som i fjor starta altså heimelaget noko rufsete, men etter kvart fekk dei spelet til å gli, og det var me som vart springande mellom. Då gjeld det å ha tolmod til å vente til dei gjer feil, i staden for å bruke opp kreftene på å jage ballen.

Debutant 2: Fredrik

Etter 37 minutt fekk Brodd2 eit hjørnespark frå høgre. Dette hjørnesparket spelte heimelaget ut over dødlinja. Det meinte iallefall både spelarar og leiarar frå begge lag. Men dommaren meinte noko anna. Han dømde nytt hjørnespark til Brodd 2, og sjølvsagt greidde dei gjennom ein dårleg klarering å skyte returen i mål. Tor Hallvard Aarhus i målet vårt var etter ballen, men den fann til slutt vegen inn i nettmaskene. Eit bittert mål.

Brodd 2 pressa resten av omgangen, så at det var uavgjort til pause var forsåvidt greitt sjølv om me og kunne ha leia med eit par mål.

Dei første minutta av andre omgangen var og greie, men berre fire minutt etter sideskifte fekk heimelaget nok eit hjørnespark. Det viser seg nå at me rett og slett ikkje er tøffe nok i nokre av felta lenger. At me slepp inn to mål på denne måten er ikkje godt nok. Denne gang fekk ein motstandar stå heilt åleine på sju meter. Han kunne enkelt heade ballen over Tor Hallvard og i mål. Bortsett frå denne litle feilplasseringa, stod Tor Hallvard nok ein gang ein god kamp i mål, med fleire gode redningar.

Suldal burde ha vakna av dette, men Brodd 2 fekk halde fram med å spele ball, og me vart meir og meir stressa. Me våga ikkje å halde på ballen, og når me hadde den, vart det heilt feil løp på resten slik at det vart dårleg med spelealternativ. Me gløymde rett og slett det me har trent på dei få gangene me har vore samla, det å spele ballen rundt, møte, heile tida ha fleire alternativ, vinkel på løp og pasningar. Me har nok ikkje fått trent nok på dette.

Bestemann, og slett ingen debutant: Tor Arne

Etter ein time, gjekk heimelaget opp til 3-1 på eit innlegg frå kant. Det var først då Suldal vakna igjen. Midtstopparane Tor Arne Sigstad og Rune Andre Laugaland  starta oppturen med å trø hardt til i duellane og vinne dei. I første omgang var det Rune Andre som viste best igjen, mens det i siste halvtime av kampen var Tor Arne som trødde til og viste korleis me skal opptre i duellar. Hadde alle spelarane vore like tøffe i heile kampen, hadde det blitt eit heilt anna spel.

Brodd 2 vart pressa bakover og me kom til nokre småsjansar, men heilt farleg vart det ikkje. Venstrebacken deira fekk likevel litt problem med farten på venstrevingane våre. I 1. omgang fekk han gult kort for å halde Øystein Nærheim igjen på veg forbi. I andre omgang ver det ein annan debutant på Suldal A-lag som vart riven ned, nemnleg Fredrik Deilkås. Dermed måtte Brodd 2 avslutte med 10 mann. Me augna ein sjanse, men sjølv med høgt press og hardt arbeid greidde ballsikre heimespelarar å ri av stormen.

Etter 82 minutt kom det eit innlegg frå Brodd 2 si venstre side. Tor Hallvard gjekk ut i duell og vart etter vår meining hoppa ned av ein motstandar. Dommaren lot spelet gå medan vår målvakt låg nede. I ein påfølgande duell gjekk ein av Brodd sine spelarar i bakken nede ved dødlina. Då valde dommaren å dømme straffe til heimelaget. Både me i gult og dei i grønt på sidelina var noko undrande til dette, men det var lite me kunne gjere med det. Straffa gjekk i mål, og dermed lufta ut av ballongen vår.

Me har likevel oss sjølv å takke. Me må hugse at me spelar ein idrett der kontakt er lov, at me må gå hardar til, bruke krefter i duellane. Dessutan må me hugse på korleis me spelar som eit lag, ikkje berre ein og to kvar for seg. Det er ikkje anna å gjere en å brette opp ermane, gå i oss sjølv å bli tøffare, og prøve å spele litt meir komplisert enn spark og spring. Me må gjere som den førte halvtimen i dag, ikkje som den siste timen.

På laurdag 24. april ventar storfint besøk i Prestavikjo når Bryne 3 kjem på besøk. Dette blir nok og ein tøff kamp, så får me sjå kor mange av dei gamle Bryne-heltane som løyser billett innover fjordane. Kvar laurdag framover blir det kamp i Vikjo kl 14.45. Anten med Suldal 1 i 5. divisjon, eller med Suldal 2 i 7. divisjon. Me håpar folk møter opp for å heie fram begge laga.

Garderobeliv før kamp:

Fakta:

Mål:

11 min: 0-1: Erik Bård Bråtveit

37 min: 1-1: Brodd 2 hjørnespark

49 min: 2-1: Brodd 2 hjørnespark

60 min: 3-1: Brodd 2 innlegg

82 min: 4-1: Brodd 2 straffe

Gule kort:

Geir Bjarte Hoftun, Tor Arne Sigstad, Knut Foldøy og ein på Brodd 2 som fekk to og dermed raudt.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Tor Arne Sigstad

2 poeng: Rune Andre Laugaland

1 poeng: Tor Hallvard Aarhus

Lag:

Tor Hallvard Aarhus – Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Rune Andre Laugaland, Nils Arne Moe – Øystein Nærheim, Tore Sørås, Knut Foldøy, Rene Adjemi – Geir Bjarte Hoftun, Erik Bård Bråtveit

Innbyttarar: Bjørn M. Steine, Vegard Aas, Fredrik Deilkås, Vidar Hilde