Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
7. div: Havørn 3 – Suldal 2 4-2 (1-0) | Suldal idrettslag

Dagens lag.

Det vart tap i første bortekamp, ein kamp der begge lag kunne ha vunne, men der heimelaget var mest effektive.

Kampen starta lovande for Suldal. Det var me som hadde ballen mest dei første 25 minutta og kom til flest halvsjansar. Sigvart Vårvik kom gjennom alt etter sju minutt, men vart dratt ned. Frisparket Frå Bjørn M. Steinevart halvfarleg. Me kom og til den største sjansen i første omgang etter 13 minutt. Då spelte Vidar Hilde flott gjennom til BjørnMS. Bjørn rykka ifrå og kom åleine med keeper. Dessverre blei det redning. Etter 21 minutt gjekk Reidar Hagen framover frå midtbaneposisjonen sin. Han gav til Ørjan Underbakka og sprang vidare fram i strålande posisjon. Ørjan hadde då to val, gi gjennom, eller skyte sjølv. Han valde å skyte, og keeper måtte strekkje seg langt etter ballen.

Så den første halvtimen var Suldal best. Og som i a-kampen, var me best når me våga å halde på ballen. Havørn kunne fort fått ein del sjansar, men gjekk stort sett i offside.

Men siste kvarteret av første omgang var det heimelaget som var best. Dei skaut i nettveggen, hadde frispark som Tor

Debutant 1: Audun

Hallvard Aarhus i mål fekk slått over, og etter 39 minutt fekk dei mål. Me mista ballen i farleg posisjon, Havørn slo kontra og kom gjennom på si høgre side. Åleine med Tor Hallvart vart det enkelt 1-0.

Første halvtimen av andre omgang var ikkje bra av Suldal. Det verka ikkje som at me ville vinne duellar eller få ballen. Havørn fekk sitt spel til å gli. Når me fekk ballen, vart det for mykje nøling både når me skulle angripe og når me skulle spele ballen. Dei gangene me då mista ballen på personlege feil, utnytta Havørn dette til gangs. Dei gjekk opp til 2-0 og 3-0 på flotte langskot etter å ha vunne ballen på vår banehalvdel når me hadde tilsynelatande kontroll.

Debutant 2: Vidar Ritland

Tor Hallvard fekk seg ein strekk, og Sigvart måtte gå i mål. Han kom bra ifrå det, med fleire gode inngripnadar. Heldigvis greidde me å reise oss siste kvarteret. Etter 82 minutt fekk Erik Bård Bråtveit ballen halvvegs innpå motstandarane sin banehalvdel. Han sette fart, finta og venda vekk både forsvararar og keeper og sette ballen i ope mål. Rett etter var Bjørn MS åleine med keeper igjen, og kunne nok ha sentra til betre plasserte Erik, men istaden redda keeper igjen.

Minuttet etter vart det hjørnespark til oss. Bjørn MS. slo den fint og Thomas Brustveit stanga inn 3-2 og me augna eit håp. Men i vår iver etter utlikning, kontra Havørn inn 4-2.

Fakta:

Mål:

39 min: 1-0

50 min 2-0

70 min 3-0

82 min  3-1 Erik Bård Bråtveit

88 min 3-2 Thomas Brustveit

89 min 4-2

Gule kort:

Eitt til Havørn 3

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Erik Bård Bråtveit

2 poeng: Christer Hansen

1 poeng: Bjørn M. Steine

Lag:

Tor Hallvard Aarhus – Dagfinn Nærheim, Thomas Brustveit, Vidar Hilde, Bjørn Vidvei – Sigvart Vårvik, Christer Hansen, Reidar Hagen, Bjørn M Steine – Erik Bård Bråtveit, Ørjan Underbakke

Innbyttarar: Audun Hilde, Vidar Ritland, Daniel Kristiansen