Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
5. div: Buøy 2 – Suldal 1 6-2 (3-1) | Suldal idrettslag

To mål imot på kontring, to mål imot på tabbar og to mål imot på grunn av klareringsvegring. Fire ballar i stolpar og tverrliggjar frå vår side. Eit augneblink for seine inn i situasjonane.

I dette ligg ein del av forklaringa på kvifor Buøy 2 vann denne kampen. For dei som såg kampen, er det heilt utruleg at resultatet blei som det blei. Men når me tillet slike mål imot, er det nødt til å bli tap, same kor godt me spelar mellom dei to 16-metrane.

For det var kjekt å sjå Suldal i størstedelen av kampen. Dei siste to vekene har me øvd på å la ballen gå og spele fotball.

Dagens lag

Spele inn på midten, ut på vingar, vri spelet og vinkle pasningar. Dette fekk me til. Men me veit jo at me ikkje vinn kampen på flest pasningar. Då kunne me heller vore med i lokalserien for «prikken» eller «gris». Me er med for å vinne fotballkamar, og der var me ikkje gode nok denne gangen heller.

Begge omgangar starta som eit mareritt. 2-0 til Buøy 2 etter to minutt av første omgang. Så kom me med i kampen og styrte spelet. Tore Sørås og Øystein Nærheim tok ansvar på midten, Halil Husic gjorde eit godt comeback, men best av alle var Fredrik Deilkås som spelte sin første a-lagskamp frå start. Han fer opp og ned høgrevingen som eit prosjektil, sender stikkpasnongar, er spelbar, og slår nokre fantastiske innlegg. Ein stor kamp av ungguten.

Debutant: Kjetil Berget

Vegard Aas joba knallhardt framme. Han starta som makker til Geir Bjarte Hoftun, men Geir Bjarte måtte tidleg trø til som målvakt ettersom Tor Hallvard Aarhus måtte ut med strekk. Sporty av GB, og absolutt ikkje hans feil at det vart så mange mål imot. Ny makker ut første omgang var Kjetil Berget, som gjorde sin debut for Suldal.

Kjetil var sterkt delaktig i reduseringa me fekk før pause. Han fekk ballen på 20 meter, stakk gjennom til Vegard som igjen passa inn til Halil. Han sette ballen sikkert i mål til ei viktig redusering. Det stod 3-1, og me trude verkeleg at me skulle greie å ta dette igjen i andre omgang, for me stod for spelet.

Dessverre starta andre omgang som den første. To kjappe mål til vertane, og då var det berre til å gløyme resultatet. Likevel augna me nok ein gang lys i mørket då Vegard vart halden i straffefeltet og Tore sikkert sette straffa i mål til 5-2. Men litt etter gjekk lyset, då Buøy 2 fekk sitt siste mål på ein trilleball som rulla fint i mål under keeperen vår sin fot.

Me har litt å jobbe med bakover, ingen tvil om det. Me manglar fart og beslutsame klareringar. Og me blir sårbare når

Bestemann i dag: Fredrik Deilkås

me gjer feil på veg framover. Då blir me kontra i senk av raske angriparar. Me må og vere meir på hogget og vinne fleire duellar. Og me må halde fram med å spele så godt som me til tider gjorde. Det er nødt til å bli mål rett veg av slikt spel i neste kamp.

Neste kamp er heime mot Vardeneset 2 laurdag . mai kl 14.45. Då skal me ha vår første siger for sesongen. Og om du skal kunne sitje framfor TV-skjermen og sjå tippekamp om nokre år, og sjå Fredrik Deilkås runde det som er av høgrebackar, og kunne skrøyte av at «eg såg Fredrik i Vikjo eg i den første heimekampen hans for Suldal,» ja då veit du kor du skal vere. For når vårsesongen er over, fer han nok til betre klubbar enn oss…

Fakta:

Mål:

1-0: 1 min: Buøy6  2

2-0: 2 min Buøy 2

3-0: 23 min: Buøy 2

3-1: 43 min: Halil Husic

4-1: 47 min: Buøy 2

5-1: 48 min: Buøy 2

5-2: 56 min: Tore Sørås (straffe)

6-2: 70 min: Buøy 2

Kort:

Ingen

Vinjar Låjen sine poeg:

3 poeng: Fredrik Deilkås

2 poeng: Vegard Aas

1 poeng: Tore Sørås

Lag:

Tor Hallvard Aarhus – Erik Bård Bråtveit, Thomas Brustveit, Tor Arne Sigstad, Nils Arne Moe – Fredrik Deilkås, Øystein Nærheim, Tore Sørås, Halil Husic – Vegard Aas, Geir Bjarte Hoftun

Innbyttarar: Kjetil Berget, Vidar Hilde, Bjørn M. Steine