På arbeidardagen 1. mai var det Tjensvoll som kom på besøk til Suldal og Prestavikjo stadion.

Det var ein noko blaut og tung bane, men dette skulle vere likt for begge lag. Dagfinn Havrevold rapporterer følgande frå kampen:

Kampen starta med at Suldal hadde ballen og pressa Tjensvoll. Simmen Bratland hadde ein stor sjanse etter 10 minutt, men keeper fekk fista ballen til korner. Etter ca eit kvarter av kampen fekk Tjensvoll ein gratissjanse av Suldal då ein Suldalspelar hedda ballen mot eige mål. Det enda heldigvis berre med korner som det ikkje vart noko meir ut av.

Første omgong var jamnspelt med mykje spark og spring. Suldal hadde nokre halvsjanser men ikkje noko meir enn det.

Bestemann: Dagfinn Nærheim

Ingve Berge tok det litle som kom mot målet til Suldal. Første omgang ebba ut til 0-0.

I pausen vart Suldal einige om å vere tøffare framføre målet til Tjensvoll. Dette er noko som og er tatt opp på trening.

Etter 12 minutt ut i andre omgong kom Fredrik Deilkås til ein stor sjanse. Det vart ikkje mål, men Fredrik hadde ein god kamp sentralt på midten. Skulle ikkje tru Fredrik hadde ein kamp i beina frå fredagen. Ein anna spelar som utmerka seg i dag var Dagfinn. Ikkje referent Dagfinn, men Dagfinn Nærheim. Han spela trygt og godt på høgrekanten.

Det såg ut som kampen skulle enda 0-0. Men i det 35. minutt kom Tor Olav Berge opp på høgre sida. Han la inn framfor målet til Tjensvoll. Der var det ikkje heilt god kommunikasjon mellom keeper og midtstoppar til Tjensvoll. Det enda med at ballen gjekk forbi desse, og vidare til Øystein Nærheim, som sikkert kunne setja ballen i mål. 1-0 til Suldal! Lagleiarane var særs nøgd med med dei yngste på laget.

Tjensvoll hadde ingenting å kome med på slutten av kampen. Dommaren, som kanskje ikkje hadde den beste dagen, kunne då blese av kampen.

Fakta:

Mål:

Øystein Nærheim 35 min.

Gult kort:

Geir Bjarte Hoftun og Ådne Nærheim

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Dagfinn Nærheim

2 poeng: Fredrik Deilkås

1 poeng: Ingve Berge

Lag:

Ingve Berge – Terje Gjuvsland, Tor Olav Berge, Ådne Nærheim, Dagfinn Nærheim – Tommy Espe, Fredrik Deilkås, Simmen Bratland, Øystein Nærheim – Øyvind Gjuvsland og Geir Bjarte Hoftun

Innbyttarar: Andreas Groven, Sindre M. Steine og Sigvart Vårvik

Dagfinn Havrevold