Eit strålande vårver og flotte omgjevnadar på Randaberg stadion tok imot oss med opne armar og innbaud til målkalas. For her er det snakk om handballsiffer.
Å skåre fire mål på bortebane er ikkje alle forunt, og det burde jo strengt tatt ha halde til siger. Men ikkje når me er så greie med motstandarane at dei får lov til å føre ballen upressa slik at dei kan trille ballen til umarkerte spissar og vingar i fullt firsprang mot målet vårt.
Dei første tjue minutta var det jamnt. Begge lag hadde sjansar, og to av dei vart mål. Randaberg fekk leiarmålet etter to minutt på hjørnespark, og me utlikna etter eit kvarter med eit skot/innlegg frå Bjørn M. Steine som fauk i mål frå skrått hald. Men då heimelaget fekk straffe etter tjue minutt, var det gjort. Dei neste tre kvartera fekk dei gjere som dei ville, me var ikkje tøffe nok og greidde heller ikkje plassere oss rett. Det svikta rett og slett over heile linja. Me må våge å bruke meir musklar og halde hovudet kaldt når me har ballen.
Neste Suldalsmål var reduseringa til 7-2. Daniel Kristiansen fekk ballen på 25 meter. Han tok seg tid til å sikte, og
skrudde ballen flott rundt forsvararane og i mål tett inntil stolpen etter at Bjørn MS hadde kjempa til seg ballen i angrep. Me fekk og 10-3 (eller noko) ved Bjørn MS etter frispark og fint spel langs venstresida. Dei siste tjue minutta manglar det notat ifrå, sidan referenten/lagleiaren måtte innpå og gjere comeback. Då Kjetil Berget vart skada mot slutten, flytta underteikna seg sjølv opp som spiss, og der resulterte sjølvsagt i mål umiddelbart etter innkast frå Simmen Bratland og stuss frå Bjørn MS. Stussen kunne Jon Bråtveit knee i mål frå omlag 0,3 meter.
Nå er det nesten to veker pause for 2’er-laget. Neste kamp er lokaloppgjer mot Hjelmeland 2. Då må me slå grueleg tilbake!
Fakta:
Mål:
1-1: Bjørn M. Steine
6-2: Daniel Kristiansen
7-3: Bjørn M. Steine
10-4: Jon Bråtveit
Gult kort:
Vidar Hilde
Vinjar Låjen sine poeng:
3 poeng: Bjørn M. Steine
2 poeng: Bjørn Vidvei
1 poeng: Daniel Kristiansen
Lag:
Ingve Berge – Terje Guvsland, Vidar Hilde, Rune Andre Laugaland, Audun Hilde – Vidar Ritland, Christer Hansen, Daniel Kristiansen, Bjørn M. Steine – Rene Adjemi, Kjetil Berget
Innbyttarar: Bjørn Vidvei, Simmen Bratland, Jon Bråtveit