Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
5. div: Suldal – Vardeneset 2 1-0 (0-0) | Suldal idrettslag

Endeleg heimekamp for 5.div-laget, og ei siger her var svært viktig for motivasjon og tabell.

Dei to første kampane på bortebane har enda med ti baklengs og null poeng. Derfor er det gledeleg at me i denne kampen omsider viser vinnarvilje i samtlege 90 minutt. Det var godt å sjå at me kan trø til for å vinne kvar duell, og at me til tider vågar å spele ballen langs bakken for å byggje opp angrep. Men ein del tilfeldigheiter vart det. Grasmatta i Prestavikjo kan nok sjå fin ut frå riksvegen, men når ein prøver å trille og føre ballen på banen, oppdagar ein fort at det ikkje er særleg slett.

Me øver heile tida på å ta oss tid til å spele og sentre istaden for å slå langt. Og det er inga tvil om at me er best når me

Strålande spel av keeperveteranen.

får det til. Men det krever at me er kalde nok til å våge å stole på oss sjølv og medspelarane. Når det blir hektisk og oppjaga, gløymer me oss endå ut, og slår den befriande langpasninga. Dessverre er slike klareringar som å pisse på seg for å halde varmen, motstandarane kjem raskt på oss igjen.

Vardeneset 2 fekk første sjansen i kampen, dei var flinke til å komme med mange spelarar i stor fart når dei vann ballen, og det tok oss litt på senga frå starten. Men ein strålande opplagt Erik W. Vold i mål rydda sikkert opp i det som kom. Etter kvart kom me og med i spelet, og kom til fleire sjansar. Tor Arne Sigstad hadde ein stor dobbelsjanse etter kast frå Geir Bjarte Hoftun, men målvakten deira henta fram nokre feberredningar. Noko seinare var det gjestene som tvang fram feberredningar frå Erik. Elles fungerte spesielt høgresida med Tor Olav Berge og Fredrik Deilkås godt, med Tore Sørås som bindeledd på midten, medan Rene Adjemi gjorde ryddejobben på midten strålande.

0-0 til pause, og motet var godt.

Andre omgang var nett som første. Begge lag hadde gode sjansar og tendenser til fint spel, men etterkvart som omgangen skreid framover, såg det ut til at begge lag var redde for å få mål i mot.  Dermed vart det meir kjemping og lange ballar, enn finspel. Og når spelarane i begge endar var i skåringsposisjon, svikta konsentrasjonen slik at ballen for utanfor eller i stålverket. Fredrik hadde ein kjempesjanse, Halil Husic heada utanfor og Tore saksesparka ei kanon i tverrliggjaren.

Det såg ut til at det ikkje skulle bli mål i denne kampen, men fem minutt før slutt kom endeleg målet. Heldigvis kom det og rett veg. Fredrik jobba og sleit seg nedover venstrekanten for syttifjerde gang. Han fekk lagt inn i feltet der det vart noko klabb og litt babb, før Geir Bjarte fekk gitt ut til Bjørn M. Steine. Han fekk godt tid til å sikte, og plasserte ballen trygt i mål motsett for keeper. Eit svært viktig mål!

Rett før slutt såg det ut som at det skulle bli utlikning, då eit frispark fekk dale ned i feltet, dabbe over forsvaret og rett i

Øystein er som poteta. Han gjer ein skikkeleg jobb i alle posisjonar. I dag som back.

beina på ein motspelar. Heldigvis kom dette noko brått på spissen, slik at skotet for utanfor. Dermed kunne samtlege spelarar slå seg på brystet med ein solid arbeidssiger der me endeleg hadde marginene på vår side igjen.

Forutan alle som er nemnde, spelte og Rune Andre Laugaland og Øystein Nærheim tøft og solid i forsvar, mens Erik Bård Bråtveit jobba og sleit framme. Vinjar Låjen hadde nok ein vanskeleg jobb med å plukke ut kven som skulle få poeng.

Vardeneset stillte med eit ungt lag, russetreff i Kongeparken stal mange spelarar frå dei, men det er ein klubb med stor breidde og eit godt rekruteringsarbeid, og ungdommane deira gav oss god kamp. Heile kampen var nervepirrande for oss som stod på sida. To svært reaksjonssterke og gode målvakter, tverrliggjarar og ukonsentrerte avslutningar gjorde at det vart lite nettsus, men ein artig kamp. Sjølv om Suldal nok hadde eit lite overtak spelemessig, kunne begge lag ha drege sigeren i land.

Neste kamp er heime mot Sviland på himmelspretten

Fakta:

Mål:

1-0: 85 min: Bjørn M. Steine

Gult kort:

Geir Bjarte Hoftun

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Fredrik Deilkås

2 poeng: Tor Arne Sigstad

1 poeng: Tore Sørås

Lag:

Erik W. Vold – Tor Olav Berge, Rune Andre Laugaland, Tor Arne Sigstad, Øystein Nærheim – Fredrik Deilkås, Tore Sørås, Rene Adjemi, Halil Husic – Geir Bjarte Hoftun, Erik Bård Bråtveit

Innbyttar: Bjørn M. Steine