Som nemnd i tidlegare referat, var det nok ikkje lenge før Fredrik Deilkås kom til å spele for betre klubbar enn Suldal.

Denne veka vart han klar for FK Haugesund, førebels på amatørkontrakt. I utgangspunktet var det meininga at Fredrik skulle spele for oss ut vårsesongen medan han gjorde seg ferdig i 10. klasse på Sand, men skade på spelarar i FKH gjorde at dei ønska han snarast råd.

FKH har ikkje juniorlag med i seriesystemet, så han blir knytta til FKH2 som spelar i 3. divisjon. Dette laget har mange juniorspelarar og yngre, men blir ofte supplert med spelarar frå førstelaget. Dermed ser Fredrik førebels for seg mest speletid når det er junior-NM-kampar.

I Suldal fekk han med seg fem kampar for a-laget, tre for Suldal 1 i 5. divisjon og to for Suldal 2 i 7. divisjon i den månaden han var aktuell for spel på seniornivå. Ut av dette henta han 6 poeng på børsen på 1’er-laget, og 4 poeng på 2’er-laget. Så ein kan trygt seie han fekk markert seg den korte tida me fekk ha han.

Fredrik har og vore sterkt delaktig i at laget Sand/Suldal stilte med i kretsserien i fjor vann puljene sine med god margin.

Skal ein nå langt, er det viktig å få komme ut og trene og spele på eit høgare nivå enn me kan tilby hos oss. Me ønskjer Fredrik lukke til vidare, me kjem nok til å følgje med!