Målskårarane tek avspark.

På himmelspretten fekk me Sviland på besøk i Prestavikjo. Det vart ein kamp der kvart lag hadde sin omgang.

Sviland kom seint, men godt fram til Suldal. Langhelgtrafikk og eit noko merkjeleg vegval gjorde at dei kom noko seint fram, men me kunne blese kampen i gang berre fem minutt forsinka. Skulle berre mangle at me ikkje lot dei få nokre minutt. I fjor måtte dei vente lenger enn det, for me greidde å møte på Sviland utan drakter…

Men då kampen kom igang, var det for ein gang skuld me som var klar og ivrige. Første omgang er iallefall det beste me har gjort i år. Me greidde å halde ballen i laget og vente på gode sjansar. Desse kom på samleband, både gjennom klikk-klakk-spel, krossarar, innlegg og dødball.

Erik Bård Bråtveit var førstemann gjennom, men avslutninga gjekk rett på keeper. Forresten ein keeper me kjenner

Sviland sin keeper kan vere både temperamentsfull og god. I dag var han berre god; mange redningar og farlege frispark.

godt frå i fjor. Då vart det litt amper stemning i Vikjo, men i år var tonen betre og han fekk etter kvart mange moglegheiter til å vise at han er ein god målmann. Både i første og andre omgang varta han opp med gode reaksjonsredningar.

Øystein Nærheim spelte nok ein god kamp på backen, men er og farleg når han går framover. Etter 12 minutt sendte han Knut Foldøy gjennom, men igjen rett på keeper. Halil Husic hadde flott sjanse etter fint spel av Tore Sørås og Knut. Rune Andre Laugaland heada frå kast, men ein hanske slo den over. Halil slo frispark som Tor Arne Sigstad sette over mål. I det heile tatt, mål måtte det til slutt bli.

Og målet kom etter 31 minutt. Ein lang ball, moglegens frå Erik W. Vold, vart stussa av Geir Bjarte Hoftun. Spissmakker Erik Bård var som vanleg på hugget, kom åleine mot målmannen og sette den fint i mål til venstre. 1-0.

Rett etterpå var det Geir Bjarte som skulle fått mål, då han på eit innøvd cornertrekk heada knallhardt mot mål. Men keeperen deira var sjølvsagt på rett plass igjen. Likevel; rett før pause fekk GB målet sitt. Det kom etter at Knut slo frispark på bakre stolpe. Der var Tore, som heada inn til Geir Bjarte inne i fem-meteren. Han kom i fart og dundra ballen i nettaket. Ei fin leiing 2-0 til pause, og me var nøgde med godt spel.

Kanskje var me for nøgde med oss sjølv, og kanskje gløymde me ut at 2-0 er ei livsfarleg leiing. Noko var det i alle fall

"Mmmm, gler meg til sjokoladekake etter kampen..." Tor Olav feira 30-årsdagen med siger.

som ikkje fungerte i andre omgang. Sviland hadde fått bussturen or beina og pressa høgare. Dermed fekk me ikkje tid på oss til å spele spelet vårt. Gjestene la og frå seg høflegheita i duellane og vann fleire og fleire av desse, medan me vart springande for å jage ball. Lagdelene hang ikkje i hop, og det måtte komme eit mål til Sviland.

Det tok berre ni minutt av omgangen før det kom. Ein av spelarane deira fekk ballen midtvegs inn på vår halvdel, han vende vekk eit par forsvararar og sette ballen til sides for Erik i mål.

Resten av kampen var det stort sett Sviland som fekk til å spele og komme til halvsjansar. Dei mangla det litle på slutten til å utlikne, og me hadde nok tur som kom frå det med alle tre poenga. Suldal jobba hardt for å vinne ballen og få til spel, men det ville seg ikkje. Uansett kor mykje spelarane våre sprang, så var det Sviland som fekk kula og sjansane.

Christer Hansen hadde sjanse på mål i debutkampen.

Men nokre sjansar hadde me og til å punktere kampen. Geir Bjarte hadde ein god sjanse, men sklei i feltet, Bjørn M. Steine tråkla seg ned til dødlinja og vidare innover mot mål, men fekk berre hjørnespark. Debutant Christer Hansen jaga ein ball han nesten fekk tak i åleine mot keeper, men sklei på det harde underlaget, og Rene Adjemi hadde eit flott skot som han skrudde rundt motstandarane og ned mot hjørnet. Her låg alt målvakta deira og venta på ballen, men ballen spratt plutseleg på ei tue slik at keeper måtte feberredde med armen.

Godt å vinne to kampar på rad, men det kjendes nesten ut som at me hadde tapt slik spelet vårt svikta i andre omgang. Så dei som såg oss i dag fekk sjå oss både på høgt og lågt nivå. Heldigvis haldt det såvidt til siger i dag. 2. pinsedag har Bryne 3 fått ny sjanse til å møte oss i Vikjo, sidan dei ikkje kunne på opprinneleg dato. Då bør publikum nytte høvet til å sjå gamle stjerner, håpar me.

Fakta:

Mål:

1-0: 31 min: Erik Bård Bråtveit

2-0: 44 min: Geir Bjarte Hoftun

2-1: 54 min: Sviland

Gule kort:

Tor Olav Berge og tre til Sviland.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Tore Sørås

2 poeng: Erik Bård Bråtveit

1 poeng: Geir Bjarte Hoftun

Lag:

Erik W. Vold – Tor Olav Berge, Rune Andre Laugaland, Tor Arne Sigstad, Øystein Nærheim – Knut Foldøy, Tore Sørås, Odd Åsgeir Lunde, Halil Husic – Geir Bjarte Hoftun, Erik Bård Bråtveit.

Innbyttarar: Rene Adjemi, Bjørn M. Steine, Christer Hansen