2. pinsedag fekk me besøk av 11 rutinerte karar frå Bryne 3. Me kom seint, men godt i gang, eit kvarter for seint. Ferjeruter er ikkje så lette å lese…

Vêret var surt under oppvarminga, men det letta slik at det vart fint spelevêr. Noko regn på førehand gjorde at banen slett ikkje var så verst å spele på i dag.

Man. City sin gamle kaptein Alf Inge Håland var nøgd med banen.

Nok fukt til at den vart mjuk, men ikkje så våt at det blei sorpe. Det seier kanskje litt at første (av mange) kommentarar frå gjestene si store stjerne, Alf Inge Håland, var «Oi, god bane» alt etter tre lette steg på banen. Likevel, kunstgras er sårt etterlengta for mengdebruk.

Kampen starta strålande for vår del. Alt etter to minutt gjekk me opp i leiinga. Geir Bjarte Hoftun kasta hardt inn, ballen datt ned feltet og Bryne klarerte rett utanfor sitt eige mål. Hjørnesparket slo Knut Foldøy som vanleg godt, og i feltet pressa me såpass på at ein Brynespelar styrte ballen til sjølvmål.

På førehand  snakka me ein del om at me nok kom til å møte ballsikre, rutinerte spelarar. Me måtte dermed vere kjapt oppi slik at dei ikkje fekk tid på seg. Her gjorde alle ein strålande jobb i denne kampen, og spesielt gjekk Rene Adjemi føre med ein enorm innsats. Men me fekk sett litt kor raskt eit ballsikkert lag kan flytte ballen dei få gangene me ikkje kom oppi motstandaren.

Rene var vår beste i dag.

Bryne mangla eit par av spissane sine, og det viste igjen. Det var stort sett på dødballar at dei var farlege, men på desse kunne dei fort ha fått eit mål. Suldal var laget som spelte seg til sjansar. Geir Bjarte kom gjennom og fekk gitt til Øystein Nærheim som skaut utanfor. Erik Bård Bråtveit kom gjennom på høgresida og la flott 45 grader inn til Vegard Aas som avslutta godt, men ein flott redning avverga mål. Noko seinare skaut Vegard over.

Etter halvtimen kunne Håland ha utlikna då han sette hovudet til ein ball som dala ned i feltet vårt, men den gjekk hårfint over. I staden var det Erik Bård som kunne føre oss opp i 2-0 etter ei kontring der Vegard sprang ifrå stopparane til gjestene på ei kontring. Vegard var åleine med målvakta, men sentra fint til sida der Erik Bård kunne breiside ballen i tomt mål.

Som i forrige heimekamp fekk gjesten låne ballen meir i andre omgang på 2-0-leiing til oss. Me er nok litt redde for å tape når me leiar kampane, dermed legg me oss for lågt i periodar. Dermed måtte Erik W. Vold trø til med ei redning for å hindre at Bryne kom inn i kampen med redusering. Den midterste halvtimen av andre omgang var litt rotete, men hardt arbeid og gode taklingar gjorde at me ikkje slapp inn mål. Me kom i staden til nokre sjansar, og ein av desse sette Vegard i mål åleine med keeper etter ein flott lobbepasning frå Rene. Det er ikkje umogleg at det burde vore blese for offside her, men det vart godkjent mål.

Det vart mange duellar i begge felt.

Fem minutt før slutt reduserte Bryne på hjørnespark, men me svarte eit par minutt etterpå då Knut tok nok eit flott raid langs høgresida og slo eit flott innlegg til Tore Bendiksen Søraas som han kunne setje i mål frå fem meter. Knut hadde ei kjempesjanse til å setje eit verdig punktum rett før slutt då han hadde all verdas tid og berre skulle plassere ballen i mål. Men skotet som skulle i nettmaskene fauk over nettet bak mål og rett i Låjen. Spørs om Knut er like nøgd med underlaget som Håland….

Flott innsats og til tider godt spel heile kampen gjennom, førte til vel fortente poeng. Sjølv om motstandarane berre stilte med 11 mann og hadde fleire målfarlege heime på Jæren, var det gode fotballspelarar me møtte. Den mest meritterte i denne kampen forutan nemde Håland (som nok dei fleste bør kjenne frå før; 34 a-landskampar og 181 Premier League-kampar for Nottingham F., Leeds og Man. City), var  Leif Rune Salte som har heile 277 a-kampar for Bryne i siste halvdel av 80-talet, deriblandt siger i cupfinalen 1987, og ein a-landskamp.

Ekstra takk til publikum som har møtt talrike opp dei siste heimekampane. Kjekt at så mange kjem og ser på. Laurdag 29. mai møter Suldal 2 Kvitsøy kl 13.30. Neste heimekamp for Suldal 1 er laurdag 5. juni under Ryfylkedagane. Gjer unna ærenda på Sand før kl 14.45!

Fakta:

Mål:

2 min: 1-0: Sjølvmål

43 min: 2-0: Erik Bård Bråtveit

63 min: 3-0: Vegard Aas

86 min: 3-1: Bryne 3

88 min: 4-1: Tore Bendiksen Søraas

Gule kort:

Geir Bjarte Hoftun, Øystein Nærheim og to til Bryne 3

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Rene Adjemi

2 poeng: Tore Bendiksen Søraas

1 poeng: Vegard Aas

Lag:

Erik W. Vold – Tor Olav Berge, Rune Andre Laugaland, Tor Arne Sigstad, Øystein Nærheim – Knut Foldøy, Tore Bendiksen Søraas, Rene Adjemi, Geir Bjarte Hoftun – Erik Bård Bråtveit, Vegard Aas

Innbyttarar: Bjørn M. Steine, Robert Sjøholt, Christer Hansen