Siddis 2, eller FC Show som dei uoffisielt heiter, tok i mot 2’er-laget vårt i flott ver på Kvernevik kunstgras.

Dette er ein bane Suldal sitt a-lag tidlegare har slite på, og det skulle det vise seg at me kom til å gjere denne gang og. Det vart heile sju mål imot, men det føltes eigentleg ikkje slik. Det var to-tre periodar at heimelaget fekk nokre raptusar med mål, elles var banespelet ganske jamnt. Likevel, det var vertane, i kledeleg rosa, som fortent vann.

Suldal hang godt med føste 26 minutta, og det som kom frå motstandarane rydda Tor Hallvard Aarhus opp i med gode utrusingar og  reaksjonsredningar. Me kom til nokre halvsjansar, men det var hjørnesparka til Daniel Kristiansen me var nærast utteljing på.

Men så fekk Siddisane to kjappe mål. Det første var heilt greitt. Den raske spissen deira rykka seg fri på kanten, finta litt

To målskårarar: Ådne og ein av dei to gode og effektive spissane deira som avgjorde kampen.

og sette ballen sikkert ned i hjørnet. Minuttet etter fekk dei eit kjempemål på eit noko tilfeldig skot. Då me pressa for å få utlikning, kontra spriterspissen ein gong til, og plutseleg stod det 3-0. Det var litt for gale tykte kaptein Ådne Nærheim. Då me fekk frispark på 35 meter, tok han rennefart og skaut ballen med «Ronaldo-dupp» over keeper og rett i mål. Det var sjølvsagt det han prøvde på og, hevda han hardnakka i etterkant. Me vel å tru han på det… Flott mål uansett.

I andre omgang gjorde Inge Lunde come back som målmann. Han har tidlegare stått i mål på aldersbestemte lag, men ikkje prøvd seg på seniorkamp, så vidt meldaren veit. Det var inga tvil om at han har stått i mål før, og varta opp med nokre feberredningar. Det haldt likevel ikkje mot eit lag med tjue mann i troppen, deriblandt fleire frå 1’er-laget. Me prøvde å spele og komme til sjansar, men der dei var presise i sistepasninga, vart me unøyaktige og slo ballen bak spelarane heller enn framfor.

Omtrent umogleg å peike ut nokon framfor andre i dag, ingen var betre eller dårlegare enn dei andre. Alle jobba heilhjarta, me fekk det berre ikkje ut i mål rett veg. Sjølv om det vart stortap, var det ingen slagen gjeng. Alle viste speleglede og godt humør, og på dette nivået er det absolutt det viktigaste. Men det er godt med ein siger av og til og. Den kjem i neste kamp!

Fakta:

Mål:

3-1: 35 min: Ådne Nærheim

Siddis: 27, 28, 34, 52, 55, 75, 80 min.

Kort:

Eitt gult til Siddis

Vinjar Låjen sine poeng:

Som det står i referatet; vanskeleg å gi poeng i dag. Sidan Sindre spelte godt mot Hjelmeland 2 utan å få poeng, og rydda godt opp i spesielt første omgang, går flest poeng til han.

3 poeng: Sindre M. Steine

2 poeng: Bjørn Vidvei

1 poeng: Ådne Nærheim

Lag:

Tor Hallvard Aarhus – Terje Gjuvsland, Ådne Nærheim, Sindre M. Steine, Bjørn Vidvei – Vidar Ritland, Daniel Kristiansen, Sigvart Vårvik, Dagfinn Nærheim – Ørjan Underbakke, Kjetil Berget

Innbyttarar: Inge Lunde, Audun Hilde