Med fare for at referenten gjentek seg sjølv:

Tidleg mål imot, så godt spel. Går opp i leiinga og har god kontroll til pause. Startar andre omgang bra og leiar 3-1. Så slepp me motstandar inn i kampen slik at dei får stele poeng. 3-3 rett før slutt. Alle dei dumme tinga om igjen. Nokon som har ein mental trenar på lur!!?

For det må då vere tankane og hovudet som gjer at me knyter oss? Me har vist for både oss og andre fleire ganger at me er gode nok til å vinne dei fleste kampane i 5. divisjon når me berre har tru på det sjølv. Av ein merkeleg grunn verkar det som me ikkje trur at ein sjølv og medspelarane  er like gode i andre omgang som i første. Der me i første omgang spelar langs bakken, inn til midtbane, ut til kanter og backar, bind me skuldrer og hofter og stressar oss opp i andre del av kampen. Me får spele inn ei digital lydfil og la den surre og gå på nattbordet når me søv: «Me er gode nok til å spele ball og lage mål i begge omgangar. Me er gode nok til å spele ball og lage mål i begge omgangar.» Finn me trua, får me og poeng.

For me skulle sjølvsagt hatt alle tre poenga i dag. Sunde skårar etter eit minutt,

Thomas er konge i lufta, men medisky som få. Dette er det næraste nokon andre enn Silje og foreldra er komme eit bilete. Men bilen er fin i lakken.

og så tek me fullstendig over. Halil Husic slo frispark på frispark perfekt inn i feltet. Etter ni minutt stanga Thomas Brustveit eitt av dei i mål til utlikning. Thomas stod fram som suveren i lufta i begge endar av banen.

Det gode spelet haldt fram og me hadde mange sjansar. Øyvind Gjuvsland var svært nære. Rene Adjemi, som nok ein gang la ned eit kjempearbeid på midten, avslutta eit flott angrep med å skyte utanfor. Daniel Kristiansen var og nære å få sving på skotfoten.

Det blei likevel med 2-1 til pause, men rett etter kvilen auka me til 3-1. Geir Bjarte Hoftun kasta langt, og Øyvind fekk endeleg utteljing då han møtte ballen kontant med hovudet. Denne leiinga verka lenge sikker, og me kunne og burde nok ha drepe kampen med eit mål til. Men så kom tendensene til at me vart baktunge igjen. Forsvar og midtbane seig lenger og lenger bakover, sjølv om både spelarar på banen og leiarar frå sida heile tida var klar over dette og påpeika det. Dermed får Sunde spele ball og presse på. Det blei ikkje meir enn ein sjanse ut av det, men underleg nok to mål…

3-2 kom som lyn frå klår himmel. Plutseleg hadde ein av gjestene ballen i føtene på skrått hald ca tjue meter frå mål. Sekundet etter hadde den vore innom bakre stolpe og låg i nettet bak Erik W. Vold i mål. Så skulle altså dei siste tjue minutta bli nervepirrande igjen. Stadige forsøk på å roe ned og spele ball, enda med

strekk i laget og ny bølge med motstandarar imot. Då er det kjekt å sjå at me kan setje innpå ein debutant frå 10. klasse på backen som spelar roleg og kontrollert og vågar å sentre til medspelarar langs bakken. Dagfinn Nærheim spelte godt dei vel tjue minutta han fekk i debuten for førstelaget.

God debut av Dagfinn.

Utlikninga kom to minutt før slutt, og referenten verken kan eller vil hugse korleis det kom…. Eit poeng i staden for tre føltes som tap, spesielt sidan divisjonen er så jamn at me med tre poeng hadde vore i god kontakt med tet. I staden er det knallhard kamp for å halde oss over streken. Nå har me Forsand borte og Midtbygden heime før ferien. Har me trua så skal me få poeng i begge desse kampane.

Fakta:

Mål:

1 min: 0-1: Sunde

9 min: 1-1: Thomas Brustveit

18 min: 2-1: Knut Foldøy (str)

48 min: 3-1: Øyvind Gjuvsland

68 min: 3-2: Sunde

88 min: 3-3: Sunde

Gule kort:

Erik Bård Bråtveit og to(?) til Sunde.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Rene Adjemi

2 poeng: Thomas Brustveit

1 poeng: Knut Foldøy

Lag:

Erik W. Vold – Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Thomas Brustveit, Nils Arne Moe – Daniel Kristiansen, Rene Adjemi, Knut Foldøy, Halil Husic – Erik Bård Bråtveit, Øyvind Gjuvsland

Innbyttarar: Geir Bjarte Hoftun, Dagfinn Nærheim, Tore Bendiksen Søraas, Sigvart Vårvik