Forsand kommune

Endeleg litt medgang igjen. Det vart nok ein jamn kamp, men denne gang gjekk resultatet i vår favør.

I dei to siste kampane har me mista fem av seks poeng mot slutten av andre omgang etter å ha leia og ført kampane. Det kunne blitt slik i dag og, men det var det ingen av dei gule og svarte som ville ha noko av. Blant bratte fjell og under mørke skyer på Skogabakke i Forsand, greidde me å ri av stormen og kunne reise heim med tre herlege poeng i skreppa.

Forsand har berre tatt to poeng så langt i år, men me visste at det kom til å bli tøft. Før denne kampen hadde dei berre spelt ein heimekamp, og då kriga dei seg til uavgjort mot leiarlaget Midtbygden. Og i fjor reiste me heim med stortap…

Sandspatrioten Knut ofrar alt for Suldal!

Kampen starta med eit lite press frå heimelaget. Dei spelte langt på vingane sine og kom til eit par halvsjansar, utan at det var svært farleg. Litt etter litt kom me med i kampen. Midtbanegeneral for dagen, Knut Foldøy ankom stadion fem minutt før kampstart etter å ha køyrt over 16 mil for å nå kampen, og han gjorde det heilt klart at dei 16 mila heim igjen skulle han nyte ein siger og ikkje sutre over tap. Dermed gjekk han fremst i krigen for å få overtaket i kampen, og denne viljen og entusiasmen smitta over på resten.

Det var derfor fortent at me tok leiinga 17 minutt ut i omgangen. Halil Husic fekk ballen på høgre sida, slo ein nydeleg pasning med utsida over mot Daniel Kristiansen på motsatt side. Daniel skar inn og fekk lurt ballen forbi målvakta deira og kunne setje ballen i mål til 1-0. Ein flott start på kampen.

Me haldt fram med hardt arbeid og til tider fint spel, og fem minutt seinare fekk me frispark på 20 meter. Knut gjorde seg klar, og frisparket skrudde han nydeleg over muren, ned i stolperota og inn i nettet utan sjanse for målvakta deira. Me leia 2-0, og følte me hadde grei kontroll på kampen det neste kvarteret. Det var nå me skulle ha drepe kampen med eit nytt mål, men då hadde det ikkje vorte spanande for publikum. Sju minutt før pause lot me Forsand komme rundt på kanten, innlegget deira gjekk gjennom forsvaret og til ein umarkert kar på bakre stolpe som enkelt kunne setje ballen i mål. Skulle me få nok ein slik kamp?

Halil nærmar seg godt, gammalt slag. Involvert i begge spelemåla.

Kanskje var det greitt å få denne i mot før pause, for nå var det konsentrerte og vinnarviljuge karar som mana kvarandre opp til ny innsats for å dra poenga i hamn. Andre omgang starta godt for vår del. Rune Andre Laugaland heada over og Erik Bård Bråtveit kom gjennom, men skaut utanfor. Så kom ein situasjon som kom til å få følgjer resten av kampen og ei heil stund etter og. Knut var i duell med ein motspelar på ca tjue meter frå motstandarmålet. Begge spelarar gjekk inn med i overkant høge føter og dermed bles dommaren.

Etter vår meining kunne dommaren ha lete spelet gå, dei var like gode i duellen, men når han først bles kunne utfallet blitt frispark begge vegar. Knut gjorde ikkje noko nummer av noko og gjekk vekk frå situasjonen, for å vere på rett side av ballen slik me skal når dommaren bles. Forsand meinte hardnakka at frisparket var soleklart i deira favør. Dommaren dømde frispark til oss, og dermed blei det mykje diskusjon om dette resten av kampen og i etterkant. Motstandarane meinte me skulle seie til dommaren at det ikkje var frispark til oss, men til Forsand. For det første er vårt kall ei at dømme, og for det andre så var vår oppfatning at dette var ein 50-50 duell.

Knut tok sjølv frisparket, og nok ein gong skrudde han den i mål, denne gang via muren og bak målvakta deira. Keeperen deira var forøvrig ein sympatisk kar som til liks med oss ønskjer rettferdig spel, og han samanlikna denne situasjonen med ein kornersituasjon der han medga at me skulle ha hjørnesparket. Når alle er einige i situasjonen, er det lett å innrømme slike ting. Når det ikkje er så klare situasjonar som me meiner dette frisparket ikkje var, så er det ikkje me, men dommaren som skal bestemme. Og det er nok her usemja ligg i denne kampen. Etter dette fekk dommaren både trenaren og spelarane mot seg, og det enda til slutt med raudt kort til trenar under kampen, og eit nytt raudt kort til ein hissig spelar lenge etter at kampen var slutt.

Forsand fekk forøvrig eit raudt kort til ein spelar under kampen og, men det kan det ikkje vere noko å seie på. Erik Bård brukte farta, sprang forbi sisteforsvararen deira og vart tatt då han var på veg gjennom. Sjølv om det vart mange kort på Forsandspelarane, så var det aldri ein stygg kamp. Korta kom helst på munnbruk.

Kaptein Rune Andre spelte saman med resten av forsvaret ein god kamp.

Etter det omtala frisparkmålet til Knut var heimelaget temmeleg tende, og dei pressa oss bakover. Me greidde ikkje å komme oss ut, og det var fortent at dei fekk ei redusering midtvegs i andre omgang. Dermed måtte me jobbe hardt med oss sjølv for å heve oss og jakte nytt mål i staden for å la dei utlikne. Utvisninga deira hjalp oss litt her, og då me flytta Halil inn sentralt etter at kreftene til ein småsjuk Øystein Nærheim gjekk mot slutten, fekk me kontroll igjen.

Både Halil og Øystein hadde store sjansar til å punktere, men det var først to minutt før full tid at me sette spikaren i dekket(?). Bjørn M. Steine slo ein flott krossar over til Halil, som dempa og skaut kontant i motsett stolperot. Dermed fekk me med oss alle poenga etter ein skikkeleg lagsiger, og er med på øvre halvdel av tabellen igjen. Keeper var sikker, forsvarsfiraren med aldersspenn frå 16 til 36 var strålande og hadde fortent poeng alle som ein, medan midtbane og spissar jobba hardt og lukkast med det.

Laurdag 19. juni er siste kamp før ferien, og denne kampen er viktig. Midtbygden, som leiar tabellen tre poeng føre oss, kjem til Vikjo. Dette blir ein såkalla seks-poengskamp. Vinn me, ligg me likt med dei. Taper me blir me seks poeng bak. Og etter stortap i dei siste kampane mot dei grønkledde frå Tau, burde motivasjonen for revansje vere på topp. Vel møtt!

Fakta:

Mål:

0-1: 17 min: Daniel Kristiansen

0-2: 23 min: Knut Foldøy

1-2: 38 min: Forsand

1-3: 50 min: Knut Foldøy

2-3: 68 min: Forsand

2-4: 88 min: Halil Husic

Kort:

Tre gule til Forsand. Raudt til Forsand-spelarar og trenar under kampen. Raudt til Forsand-spelar etter kampen.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Knut Foldøy

2 poeng: Halil Husic

1 poeng: Rune Andre Laugaland

Lag:

Tor Hallvard Aarhus – Nils Arne Moe, Tor Arne Sigstad, Rune Andre Laugaland, Dagfinn Nærheim – Daniel Kristiansen, Øystein Nærheim, Knut Foldøy, Halil Husic – Geir Bjarte Hoftun, Erik Bård Bråtveit

Innbyttarar: Bjørn M. Steine, Christer Hansen, Sindre M. Steine (debutant!)