Forbrødring før kamp.

Siste kamp før ferien for Suldal 2 var mot Øvre Steinar FK på Storhaug.

Det noko merkelege lagnamnet har si forklaring. Spelarane på laget er alle frå Tyrkia, og mange kjem frå same by der nede. Dersom ein overset namnet på byen til norsk, så svarar det til Øvre Steinar. Nå bur altså desse for det meste på Storhaug og Hundvåg. Sidan dei må dele Midjord-anlegget med Brodd og Storhaug, endar dei sist når banefordelinga skal leggast. Kampen skulle derfor gått på grus, noko som ikkje er særs fristande lenger. Men ting ordnar seg ofte for kjekke gutar. Me fekk spele på kunstgras, og som ikkje det var nok så fekk me og spele med den nye VM-ballen Jabulani. Spesielt god var den nå likevel ikkje…

To mål av Jørn!

Heimelaget starta best, men spelet jamna seg nokolunde ut første kvarteret sjølv om det var dei som hadde flest sjansar. Ti minutt kom vår største sjanse då Pieter ten Napel kom til eit skot i come backet sitt. Men då me følte me var på veg inn i kampen, så kom det to kjappe mål. Først kom dei inn i feltet vårt, dribla seg litt fram og tilbake før dei skaut. Ingve Berge redda flott, men returen sette dei i mål. Tre minutt etter fekk dei nytt mål, denne gang etter fint veggspel.

Før pause fekk me redusering på hjørnespark. Robert Sjøholt var ein av få som fekk god dreis på den nye ballen. Etter ein del klabb og babb i feltet, fekk nok ein come back-kid foten på ballen. Jørn Våge var den som kunne juble over mål.

Rett etter pause gjekk Øvre Steinar opp til 3-1 på eit langskot, og 4-1 vart det då dei kom åleine gjennom og sette ballen mellom beina på Ingve. Resten av omgangen hang me greitt med, litt temperatur i nokre duellar, men elles ein finspelt kamp. Ei nykomponert lagoppstilling jobba godt og hardt. Likevel var heimelaget best. Dei hadde nokre kjappe ballførarar, ein god sentral midtbanespelar som styrte det meste, og solide midtstopparar me ikkje kom forbi. Det var likevel kjekt med redusering rett før slutt. Dette kom og etter hjørnespark frå Robert. Denne gang stanga Jørn ballen kontant i nettet med hovudet.

I ei jamn gruppe tek 2’er-laget pause noko under midten av tabellen.

Fakta:

Mål:

13 min: 1-0: Øvre Steinar

16 min: 2-0: Øvre Steinar

37 min: 2-1: Jørn Våge

46 min: 3-1: Øvre Steinar

54 min: 4-1: Øvre Steinar

90 min: 4-2: Jørn Våge

Gule kort:

Kjetil Berget og eitt til Øvre Steinar

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Erik Bård Bråtveit

2 poeng: Robert Sjøholt

1 poeng: Pieter ten Napel

Lag:

Ingve Berge – Inge Lunde, Sigvart Vårvik, Robert Sjøholt, Audun Hilde – Pieter ten Napel, Erik Bård Bråtveit, Jørn Våge, Christer Hansen – Kjetil Berget, Ørjan Underbakke

Innbyttarar: Thomas Brustveit, Bjørn M. Steine, Jon Bråtveit