Argh! Dette var urettfeigt. Ein jamn kamp vart avgjort på eit drittmål, og MIL slo oss igjen.

Denne gang var me likevel like gode som dei kvit- og grønstripete frå Tau. Dei siste sesongane har me tapt stort sidan me har sluppe dei til på det dei er gode på. Me fekk i det minste gjort noko med det. Dei plar spele oss ut på kantane sine, med kjapp igangsetjing på backar, dobling på kantane og oppspel på den rørslege spissen deira. Dette skulle me stoppe ved å ta ut playmakeren og hindre backane i å få starte spelet.

Me lukkast godt med dette, og det var me som hadde ballen og flest sjansar i første omgang. Øystein Nærheim hadde eit par gode skot som gjekk til side for mål, og  Tore Bendiksen Søraas skaut like over. Mål vart det likevel ikkje. I andre enden av banen imponerte spesielt Dagfinn Nærheim igjen med klokt og sikkert spel.

Etter halvtimen gjorde ein elles god dommar eit par rare ting, først i favør oss då han dømde hjørnespark då Halil Husic skaut utanfor. Hjørnespark er gode målsjansar for oss, spesielt sidan Knut Foldøy slår desse perfekt. MIL greidde likevel å klarere. I det påfølgande angrepet lot dommaren spelet gå sjølv om ballen var langt utanfor sidelinja. Innlegget heada dei i mål til 1-0. Surt, men det kunne fort vore like surt for MIL om det var me som hadde putta like før.

Heldigvis kom me oss raskt inn i kampen igjen. Me har fått mange mål mot MIL på innkasta til Geir Bjarte Hoftun. Begge måla våre i dag kom på kast frå han, og begge var utlikningar. 1-1 Var det Halil som fekk skote i mål etter at ballen landa i feltet. 2-2  var det Tore som stanga kontant i mål tidleg i andre omgang. Då hadde MIL gått opp i leiinga rett før pause etter ei flott kontring. Me var ikkje raske nok heim etter hjørnespark, dei spurta i angrep med fem mann og var presise i pasningane fram til ein som vippa ballen til side for ein utrusande Erik W. Vold i mål.

Heile kampen vippa litt i begge retningar. Begge lag hadde sjansar til å avgjere i andre omgang. Knut hadde blandt anna nok eit flott frispark som dei fleste såg i mål. Han skrudde den over muren frå 20 meter, ballen gjekk mot krysset, men på uforklareleg vis greidde målvakta deira å nå den i siste hundredelssekund og slo den utanfor.

Kven som skulle få det avgjerande målet utgjorde spenninga og underhaldninga i denne kampen. Det vart lite godt spel, det var to lag som kriga og duellerte, og dødballane florerte. Kampen var ein såkalla seks-poengskamp for vår del. Med siger ville me liggje likt med MIL på toppen av tabellen, med tap ville me vere seks poeng bak. Me var fast bestemte for å gå for siger. I forsøk på det la me om til tre spissar mot slutten. Rett etter at me gjorde dette, avgjorde  MIL. Og sjølvsagt på ein svært irriterande måte. Dei hadde ballen på si venstre side. Eit langt innlegg kom borti ein spelar, endra retning og dalte i langsam kino inn i målet vårt…

Ein sur måte å avslutte vårsesongen på. Ein vårsesong som har bydd på opp- og nedturar. Me har hatt nokre svært gode førsteomgangar der me har fått til fint spel, men me har og hatt nokre tunge andreomgangar der me ikkje har fått til noko. Me er best når me prøver å spele, men har for ofte tendens til å binde oss og bli usikre på både oss sjølv og medspelarane. Når me vågar å stole på kvarandre og gjere kvarandre gode, har me det kjekt og spelar bra. Det er dette me må finne fram oftare til hausten. Pr. dato ligg me på 4. plass, men to lag kan gå forbi oss. Midtbygden toppar åleine.

Fakta:

Mål:

0-1: 30 min: MIL

1-1: 36 min: Halil Husic

1-2: 44 min: MIL

2-2: 52 min: Tore Bendiksen Søraas

2-3: 88 min: MIL

Gule kort:

Geir Bjarte Hoftun og Halil Husic, pluss to til MIL.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Tore Bendiksen Søraas

2 poeng: Dagfinn Nærheim

1 poeng: Tor Arne Sigstad

Lag:

Erik W. Vold – Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Rune Andre Laugaland, Dagfinn Nærheim – Øystein Nærheim, Tore Bendiksen Søraas, Rene Adjemi, Halil Husic – Knut Foldøy, Geir Bjarte Hoftun

Innbyttarar: Daniel Kristiansen, Thomas Brustveit