Til tider Hawaii-fotball i Vikjo denne laurdagen.

Første kamp etter ferien enda med eit forsmedleg uavgjort i eit målkalas av ein kamp.

Ikkje at det var me som var best og fortente og vinne, Brodd 2 var vel så nære sigeren som oss, menforsmedeleg fordi me slapp inn alt for lette mål på ein dag der me og lagar mange fine mål sjølv. På ein vanleg dag skulle me sjølvsagt ha vunne greitt når me skårar fem mål, men det var ikkje slik det skulle vere denne dagen. Det var heile tida Brodd 2 som gjekk opp i leiinga, slik at me måtte jage for å utlikne. Det kan fortelje oss minst to ting: Me er ikkje konsentrerte nok og slepp dermed motstandaren for lett til, og me gir ikkje opp sjølv om me kjem eitt eller to mål bak. Me gjer det berre så fordømt vanskeleg for oss sjølv. Men for publikum må det jo vere artig….

Kampen starta litt forseinka, for dommaren hadde visst framleis ferie. Etter nokre fåfengte forsøk på å få fatt i han, fann me ut at me fekk dømme sjølv. Det er ikkje nokon gunstig situasjon verken for oss eller motstandarane, men når ein reiser så langt for å spele kamp, så må me få spelt den og. Dermed var det underteikna som tok fløyta fatt i 1. omgang, og Svein Øystein i andre omgang. Sporty av begge lag sine spelarar, og smekk på baken til dommaren som ikkje møtte opp!

Brodd møtte med eit svært ungt lag, sannsynlegvis stort sett juniorspelarar. Dermed visste me at dei nok var spreke og klar til å spring oss i senk. Men me har då ungdom med krutt i beina me og, så første omgang var svært så jamn. Gjestene kom gjennom nokre ganger i bakrom og spissen deira skapte litt trøbbel nokre ganger, men Inve Berge stod ein god kamp og rydda bra opp. Det var slett ikkje hans feil at han måtte hente fem ballar ut av nettet. Han og dei to andre umyndige spelarane våre, Øystein Nærheim og Dagfinn Nærheim, gjorde alle ein meir enn godkjent innsats. Christer Hansen er og ein up and coming kar, men fekk for få minutt denne gong til å få gjort så mykje.

Laga fekk kvart sitt mål i første omgang. Brodd 2 gjekk opp i leiinga då dei sprang gjennom og trilla ein ball i stanga og inn, mens me fekk utlikninga då Erik Bård Bråtveit fekk slutt på måltørka si nokre minutt før pause.

I pausa var det spesielt tre ting som var viktig. To av dei fekk me til i andre omgang; me måtte gjere ting enklare framover, og me måtte bevege oss som eit lag, ikkje la ein og ein gjere jobben. At me fekk til dette, gjorde at me skåra fire mål i andre omgang. Men me fekk ikkje til den tredje tingen; tette igjen bakover ved å samle forsvarsfiraren tettare og ta ut sikring på gjennomløp. At me ikkje fekk det til, gjorde at me slapp inn fire mål i andre omgang.

Brodd 2 sine mål kom på personlege feil og plasseringsfeil bak. Sjølvsagt kan ein og seie at ballførar slapp for lett gjennom midten enkelte ganger, men det var nok bak det ikkje ville seg denne gong. Forsvaret har fått mykje skrøyt tidlegare, så det er berre til å heve seg tilbake til normalt nivå ved neste korsveg.

Alle måla våre kom rett etter at bortelaget hadde gått opp i leiinga. Rene Adjemi vart spelt fint gjennom av Erik Bård på vårt andre mål, og kunne setje inn ballen frå kort hald. Knut Foldøy hadde dagens vakraste då han tråkla seg forbi to-tre mann og sende ei kule rett i kryss frå 18 meter. Rune Andre Laugaland sette straffe i mål via keeper etter at Knut var blitt felt, og siste målet vårt banka Tore Bendiksen Søraas i mål frå skrått hald.

Begge lag hadde sjansar til å avgjere. Øystein var nære på etter eit flott legg frå Tore, og Knut hadde nok ein gang eit fantastisk frispark som keeper på mirakuløst vis fekk slått over, men me fortente nok ikkje meir enn uavgjort i denne kampen.

Fakta:

Mål:

21 min: 0-1: Brodd 2

38 min: 1-1: Erik Bård Bråtveit

47 min: 1-2: Brodd 2

49 min: 2-2: Rene Adjemi

55 min: 2-3: Brodd 2

60 min: 2-4: Brodd 2

61 min: 3-4: Knut Foldøy

64 min: 4-4: Rune Andre Laugaland (str)

70 min: 4-5: Brodd 2 (str)

73 min: 5-5: Tore Bendiksen Søraas.

Gult kort:

Eitt til Brodd 2

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Knut Foldøy

2 poeng: Dagfinn Nærheim

1 poeng: Tore Bendiksen Søraas

Lag:

Ingve Berge – Tor Olav Berge, Rune Andre Laugaland, Tor Arne Sigstad, Dagfinn Nærheim – Øystein Nærheim, Tore Bendiksen Søraas, Rene Adjemi, Halil Husic – Knut Foldøy, Erik Bård Bråtveit

Innbyttarar: Daniel Kristiansen, Nils Arne Moe, Christer Hansen