Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
5. div.: Bryne 3 – Suldal 1-4 (0-0) | Suldal idrettslag

Endeleg ein perfekt gjennomført kamp av samtlege spelarar frå første til siste minutt!

Ein fullt velfortent bortesiger gjer at me plutseleg er med i kampen om andreplassen igjen, men det er svært tett mellom mange lag. Det er berre Midtbygden som har greidd å lage sei ei luke på toppen. Me får framleis ta ein kamp om gangen som dei seier det, dei som har fotball som levebrød.

Veteranane til Bryne tok i mot oss på ei flott kunstgrasbane på Rosseland, og dei hadde bytta ut Alf Inge Haaland med ei anna aldrande stjerne; Geir Atle Undheim. Kjent for mange som ein tøff, hard spiss. I dag var det han sjølv som møtte tøff, hard motstand på midten.

Enkelte av våre i bakre ledd var sterkt revansjesugne etter sist helg. Då gjorde me mykje bra offensivt, men sleit defensivt. Mot Bryne 3 fekk me tende spelarar og gjorde ein taktisk vri på speleformasjonen som nok førte til at me var svært solide bakover i denne i utgangspunktet vanskelege bortekampen. I staden for den tradisjonelle 4-4-2, ville me sikre oss bakover slik at ballsikre heimespelarar ikkje fekk rom mellom ledda våre. Dermed stilte me med to defensive midtbanespelarar og tre offensive i tillegg til ein spiss.

Første omgang viste at dette fungerte godt. Jau, Bryne 3 fekk jo nokre sjansar frå avstand som strauk utanfor, og eit par gonger måtte Tor Hallvard Aarhus nedpå det gode kunstgraset for å avverge. Likevel var det me som hadde størst og flest sjansar. Bjørn M. Steine vart fint spelt gjennom og lobba like over mål, Tore Bendiksen Søraas hadde eit kjempeskot som slo i stolpen, Knut Foldøy hadde ei god heading, Halil Husic tok ein krossar nydeleg ned på brystet og hadde eit akrobatskot over, og Erik Bård Bråtveit var centimeter frå å skli inn ein markkrypar gjennom målgarden. Det stod likevel 0-0 til pause.

Me har tidlegare spelt godt i første omgang, for så å rakne i andre. Spelarane fekk klar beskjed om at dette gode spelet vårt faktisk ikkje var godt nok sidan me ikkje hadde fått mål eller vunne kampen endå. Det verka til å tenne gjengen, for i andre omgang vart det i store deler einvegskøyr mot vertane sitt mål. Kvar einaste spelar gjorde akkurat den arbeidsoppgåva han vart sett til på prikkfritt vis.

Tor Hallvard var konsentrert i mål og starta spelet raskt med gode utkast, backane Nils Arne Moe og Øystein Nærheim var bunnsolide bakover og svært aktive framover, midtforsvaret med Tor Arne Sigstad og Rune Andre Laugaland var tilbake i betre enn vanleg slag, Tore og Rene Adjemi plukka opp kvar ball i mellomrommet og kjempa og kriga og vann takling etter takling. Offensivt styrte Knut vingane sine Erik Bård og Halil med jernhand, slik at dei gang etter gang kom på kantene og skar inn mot mål, heilt framme gjorde Bjørn jobben som førsteforsvarar, låste av og vekslelvis møtte og gjekk på løp, og Daniel Kristiansen kom inn og viste overblikk, teknikk og godt defensivt arbeid.

Det tok ikkje meir enn fire minutt av andre omgang før me var i leiinga. Knut får ballen på midten, fører den 20-30 meter, gir ut til Halil som sender tvers over feltet til Erik Bård. Notata til referenten er noko utydelege, og minnet noko vagt, men han trur det står at målet kom på heading… Me kunne fått 2-0 då Bjørn fekk triksa ballen over keeper og kanskje over mållinja, men dommaren vinka spelet vidare. Me fekk målet vårt likevel kvarteret seinare, og då var det ingen tvil. Tore fekk ballen på 20 meter, såg ei luke, skrudde den som ein av sine heltar Beckham, og plasserte nydeleg i motsett hjørne.

3-0 fekk Erik Bård rota i mål etter legg frå Tore, og 4-0 var det og Erik Bård som fekk setje i mål frå omtrent same grasflekken som dei to andre måla hans. Denne gong var det Daniel som stilte som servitør. Han fekk ballen på venstresida vår, førte innover, dribla av eit par mann, gjorde ein skotfinte og slo tvers gjennom feltet til ein heil umarkert måljeger som kunne setje krona på verket for sitt første hat-trick.

Bryne 3 var noko frampå mot slutten, og omtrent på overtid fekk dei redusering på legg frå venstre og putt frå fem meter.

Vinjar Låjen var ikkje fullt og heilt til stades denne dagen. Sindre og Jon Magne såg berre ein omgang, og vår gamle toppskårar Frode som nå er busett på Bryne kjende berre fedrene til spelarane. Trenar og referent held seg nøytral i den knallharde kampen om årets spelar, og deler offisielt ut eitt poeng til kvar av spelarane.

Me skal glede oss over denne kampen og ta med oss energien inn i neste kamp, heime mot Buøy 2 i vikjo på laurdag. Me har eit frykteleg tap frå vårsesongen å hemne!

Fakta:

Mål:

49 min: 0-1: Erik Bård Bråtveit

67 min: 0-2: Tore Bendiksen Søraas

73 min: 0-3: Erik Bård Bråtveit

83 min: 0-4: Erik Bård Bråtveit

89 min: 1-4: Bryne 3

Gult kort:

Eitt til Bryne 3

Vinjar Låjen sine poeng:

Han var ikkje på plass, trenaren gir eitt poeng til alle.

Lag:

Tor Hallvard Aarhus – Nils Arne Moe, Rune Andre Laugaland, Tor Arne Sigstad, Øystein Nærheim – Tore Bendiksen Søraas, Rene Adjemi – Halil Husic, Knut Foldøy, Erik Bård Bråtveit – Bjørn M. Steine

Innbyttar: Daniel Kristiansen