Det vart nok eit heiderleg tap på bortebane for 2’er-laget.

Heimelaget Tjensvoll anført av yngsteguten Tengesdal frå Sand, starta forrykande og produserte fire-fem sjansar dei første minutta før det nykomponerte Suldalslaget med eit par nyervervingar vakna. Tjensvoll burde og kunne ha leia både ein, to og tre null før kvarteret var spelt. Flaks, unøyaktige avslutningar og ein god Ingve Berge i mål gjorde at det tok vel halvtimen før heimelaget fekk leiarmålet. Det kom på tosje vis, for det var eit par bomklareringar i eige forsvar som gjorde at motstandaren fekk putta ballen i mål frå kort hald.

Resten av omgangen var me nokolunde på høgde, men sakna likevel glød og vinnarvilje hos fleire på laget. Me må våge og ville det litle ekstra for å vinne.

I andre omgang tok me over spel og press. Daniel Kristiansen tok tak sentralt med ro og overblikk, medan Vegard Aas kom meir med i spelet frå ei litt djupare rolle. Nokre nestensjansar hadde me, og på sidelinja var trua på utlikning stor. Sjølvsagt kontra Tjensvoll inn 2-0 i denne gode perioden. Det var ikkje noko å seie på det målet, den raske kanten deira gjord alt rett, skar inn og sette ballen trygt i mål.

Nedtur, men me haldt trykket oppe. Omgangen var jamn, kanskje med eit lite overtak til Suldal til tider. Dette presset såg ut til å resultere i straffe ti minutt før slutt, men det viste seg at dommaren dømde for farleg spel, ikkje felling. Då seier regelboka indirekte frispark. Dette dundra me i anletet til ein modig motstandar i mur. Hjørnesparket fekk me derimot utteljing på. Daniel slo eit godt legg, Vegard raga høgast og pressa keeper til å slå ballen i eige mål.

Me hadde trua dei siste minutta, og jobba for å få utlikning. Men på overtid får Tjensvoll frispark frå 30 meter. Jan Egil Tengelsdal er som sandbuar flest sugen på å vise suldølen korleis ein skal gjere det. Han tek rennefart og dundrar ballen klin i vinkelen slik at nettmaskene revnar. Det var i alle fall det han ba underteikna skrive… Greitt, ballen gjekk i mål og langt hald var det, men nettsus vart det ikkje. Ballen hadde ein lei spinn som gjorde at den spratt ut or hendene til Ingve og inn i mål.

Velfortent siger til heimelaget altså, men god innsata i andre omgang og teften av uavgjort hadde me!

Fakta:

Mål:

32 min: 1-0: Tjensvoll

53 min: 2-0: Tjensvoll

82 min: 2-1: Sjølvmål Tjensvoll

90 min: 3-1: Jan Egil Tengesdag, Tjensvoll

Gule kort:

Bjørn Vidvei og Ørjan Underbakke, pluss eitt til Tjensvoll

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Daniel Kristiansen

2 poeng: Ørjan Underbakke

1 poeng: Vegard Aas

Lag:

Ingve Berge – Terje Gjuvsland, Tor Olav Berge, Sindre M. Steine, Audun Hilde, Bjørn Vidvei – Ørjan Underbakke, Bjørn M. Steine, Daniel Kristiansen – Espen Lorentzen, Christer Hansen – Vegard Aas