Eit noko forseinka referat, men her kjem det, sett frå Tor Olav sine augo.

Laurdag 21 august møttes Suldal 2 og Havørn 3 til ein fotballkamp som skulle utvikla seg til å bli ei særs målrik affære. Værgudane hadde prisa oss med opphald og publikum møtte som vanleg opp for å heia fram sine håpefulle på ei grøn grasmatte i Prestavikjo.

Suldal 2 stilte ganske blanda med unge og ikkje fullt så unge spelarar. Bakerst stod Ingve Berge solid, sjølv om han måtte plukka ein del ballar utav nettet. Framom seg hadde han Robert Sjøholt og Ådne Nærheim midtforsvar, flankert av Terje Gjuvsland og Bjørn Vidvei på backane. På venstre ving hadde ein gammal travar igjen gjort comeback i form av Hans Erik Svennes. Tommy Espe og Ørjan Underbakke spelte sentralt på midten mens Rune Lovra kledde høgre ving. På topp hadde Suldal to aktive og aggressive spissar i Øyvind Gjuvsland og Christer Hansen.

Kampen starta slik ein Suldalskamp oftast startar, med eit tidleg mål av motstandaren. Eit høgt overlegg kjem og Suldal bør ha kontroll, men me taper denne headeduellen og ballen endar i mål. Havørn 3 fekk ytterligare eit mål. Referenten var både sjuk og litt att og fram, så han hugsar ikkje alle måla, men Havørn 3 kunne  i alle fall gå til pause med eit fortent 2-0 resultat. Suldal hadde mykje å retta på, men det passa bra at Ådne påpeika at 2-0 var ei farleg leiing.

I 2 omgang hadde Suldal 2 gjort eit spelarbytte der Rune fekk seg litt ekstra pause og Øystein Nærheim kom inn. Dette bytte sette fart i suldalslaget, og det varte ikkje lenge før Øystein fekk eit frispark på spissen av Havørn 3 sin 16-meter. Ådne steig fram og sendte ballen i ein boge over muren og ned til høgre for keeper. Opphentinga hadde bare så vidt starta, for like etter fekk Øyvind straffespark. Dette skal i all rettferd seiast at var ei særs tvilsam straffe, men Ådne takka og bukka nok ein gong og klemde ballen sikkert i mål. Suldal 2 hadde på imponerande vis snudd kampen. Som tidlegare nemd fekk ikkje referenten med seg alle måla, men Havørn leia både 3-2 og 4-3 før Suldal 2 igjen kom med ei imponerande opphenting. 4-3 målet sette Christer i mål med god hjelp av Havørn 3 sin keeper. Ein offside-posisjonert Øyvind fekk utlikna til 4-4, før ein stuss frå Christer fastsette sluttresultatet til 5-4 til Suldal 2 like før slutt.

Ein herleg seier for eit Suldal 2 som heva seg mange hakk i 2 omgang. Laget var både gode og heldige i denne dramatiske kampen som innehaldt mange situasjonar. Det var godt å sjå at resultatet vippa over på vår side den gongen i ein kamp som kunne gått begge vegar. Me takkar Havørn 3 og dommar Osvald Høyland frå Kåsen for kampen.  Me har mykje å retta på sjølv om me vant denne kampen. Me slepp inn for mykje mål, men heldigvis scora me eit meir denne gongen.

Ps: Ein må også nemne at Erik W. Vold kom inn som spiss i 15-20 minutt og Rune Andre Laugaland vikarierte på venstre ving i 20 minutt i 1.omgang.

Fakta:

Mål:

1-2: Ådne Nærheim

2-2: Ådne Nærheim (str)

3-4: Christer Hansen

4-4: Øyvind Gjuvsland

5-4: Christer Hansen

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Tommy Espe

2 poeng: Christer Hansen

1 poeng: Øyvind Gjuvsland

Lag:

Ingve Berge – Terje Gjuvsland, Ådne Nærheim, Robert Sjøholt, Bjørn Vidvei – Rune Lovra, Tommy Espe, Ørjan Underbakke, Hans Erik Svennes – Øyvind Gjuvsland, Christer Hansen

Innbyttarar: Øystein Nærheim, Rune Andre Laugaland, Erik W. Vold.

Tor Olav Berge