Sviland Stadion ligg fint til i skogen, men dette skiltet såg ut til å ha ramla ned nå...

Det vart tap i ein jamn og spennande kamp, slik kampane mot Sviland som regel blir.

I år har me hatt ein ørliten tendens til å komme under tidleg i kampen. Det ville me unngå i dag. Me var tende og på hugget i første omgang. Spesielt hadde Tor Hallvard Aarhus i mål og Daniel Kristiansen ein god omgang. Likevel kunne heimelaget med litt flaks fått leiinga då ein av dei raske spissane deira kom gjennom, men me slapp med skrekken. Sviland hadde og ein sjanse som keeperen vår slo i stanga. 

Etter 13 minutt fekk Halil Husic æra av å føre Suldal opp i leiinga då han sendte i veg ein ball frå ca 35-40 meter. Sviland sin keeper vart forstyrra av ein skummel vind, og ballen for over og i mål. Resten av omgangen var tøff, med mange taklingar og duellar og med eit visst spelemessig overtak til Suldal. Christer Hansen hadde ein sjanse til å auke leiinga då han kom åleine med keeper. Keeperen redda, og returen sette Christer i stolpen frå skrå vinkel.

Etter pausen kunne Tor Arne Sigstad ha gitt oss det viktige andremålet då han heada eit av Knut Foldøy sine gode hjørnespark utanfor. Men i staden for at det var me som skulle styre og auke leiinga, så såg det ut til at det var heimelaget som ville mest. Litt ut i omgangen fekk dei straffe, men den skaut dei over mål. Etter 56 minutt fekk dei likevel målet sitt. Denne og dei tre neste måla deira kom alle på hjørnespark. Me er rett og slett ikkje tøffe nok til å klarere, og Sviland er flinke til å presse på inne i feltet.

Heldigvis kan me og skåre mål på hjørnespark. Me utlikna til 2-2 på ein flott heading frå Tore Bendiksen Søraas etter nok eit flott legg frå Knut. Andre omgang var prega av mange frispark, vind, spark og spring, duellar og kjemping, men lite spel. Sviland var best i denne omgangen og ville mest, og me hadde ikkje så mange store sjansar til å utlikne igjen då dei fekk sitt tredje kårnermål. Me pressa på for å få denne utlikninga, Tor Arne hadde ein ball i nettet, men vart korrekt avblesen for offside. Sjølvsagt fekk då heimelaget ein kontringssjanse og kunne enkelt avgjere til 4-2 eitt minutt før slutt.

Det vart ein krige- og kjempekamp som Sviland til slutt fekk i sin favør. Det haldt ikkje med ein god omgang denne gangen heller…

Sviland sin versjon finn du her.

Fakta:

Mål:

13 min: 0-1: Halil Husic

56 min: 1-1: Sviland

65 min: 2-1: Sviland

68 min: 2-2: Tore Bendiksen Søraas

71 min: 3-2: Sviland

89 min: 4-2: Sviland

Gule kort:

Tore Bendiksen Søraas og 5(?) til Sviland.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Øystein Nærheim

2 poeng: Dagfinn Nærheim

1 poeng: Daniel Kristiansen

Lag:

Tor Hallvard Aarhus – Dagfinn Nærheim, Tor Arne Sigstad, Thomas Brustveit, Øystein Nærheim – Tore Bendiksen Søraas, Daniel Kristiansen, Erik Bård Bråtveit, Knut Foldøy, Halil Husic – Christer Hansen

Innbyttarar: Vegard Aas, Tor Olav Berge