Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
7. div.: Suldal 2 – Siddis 2 2-1 (0-0) | Suldal idrettslag

Forfall frå ein del sentrale spelarar gjorde at heimelaget hadde ein noko ”tynn” innbyttarbenk denne regnfulle laurdagen i Vikjo,

men det var ein skjerpa gjeng som hadde godt håp om nok ein 3 poengar denne dagen. Den positive opplevinga frå  onsdagskampen måtte ein ta med seg og byggje vidare på. Dei same enkle prinsippa, konsentrasjon, aggressivitet, bevegelse utan ball og ta enkle val med ballen.

Det som imponerar lagleiaren aller mest er den måten ”ungdomsrekkja” står fram på, roen med ballen, spelarforståinga og god arbeidsmoral.

Byrjinga av kampen starta heimelaget godt, fantastisk opprulling på venstrekanten i det første speleminuttet, men diverre skotet til Øystein Nærheim gjekk i stolpen og ut. Utover i omgangen var det Suldal som førte, nokre marginale offsideavblåsingar kunne fort ha enda med mål, men marginane var ikkje på Suldal si side.

Når laga kunne ta seg ein velfortent pause, var det gjestane som hadde mest grunn å vera nøgd med resultatet 0 – 0 sjølv om dei hadde pressa Suldal bakover på banen dei siste 10 min. av omgangen.

Tema i pausepraten var forsatt fokus på avtalte prinsipp + at tendensen hadde vore for mykje høge og lange ballar med det resultatet at sentral midtbane blei for lite involvert.

Ca. 15 min. ut i omgangen kom det som må vera eit av tidenes mål i Prestavikjo. Øystein kriga til seg ballen inne på eigen banehalvdel, forsert framover på bane, lurte av både 5 og 6 forvirra siddisar før han kontrollert plasserte ballen i mål, blåkopi av Maradonna VM 1986.

Dette såg ut til å tenna gjestene, dei produsert fleire 100 % sjansar, men gode involveringar frå brødreparet Tor Olav og Ingve Berge gjorde at  det forsatt stod 1 – 0 til heimelaget då det var spela ca. 80 min. Siddis 2 erobra ballen inne på Suldal sin banehalvdel, forserte framover på heimelaget si venstre side, skote / innlegget gjekk i bakre stolpe og i mål, dermed like langt og vidare kampforløp tyda på poengdeling.  Siste speleminutt, Øystein blir nydeleg spel igjennom, blir takla og heimelaget får straffe. Straffesparket tek Øystein sjølv,  2 – 1 og sigeren var eit faktum. Alt i alt ein velfortent siger til eit heimelag vil ville litt meir enn gjestene frå ”byn” denne dagen.

Fakta:

Mål:

60 min. : 1-0: Øystein Nærheim

80 min. : 1-1: Siddis 2

89. min.: 2-1: Øystein Nærheim

Vinjar Låjen sine poeng:

3 P.: Øystein Nærheim.

2 P.: Christer Hansen.

1 P.: Ingve Berge

Lag:

Ingve Berge, Sigvart Vårvik, Tor O. Berge, Sindre M. Steine, Terje Gjuvsland – Nils. A. Moe, Dagfinn Nærheim,Øystein Nærheim, Jone Utbjoa, Hans E. Svennes – Christer Hansen

Innbyttarar: Rune Lovra, Neri Fisketjøn