Stor kamp av Halil

Viktig siger i regnver og sorpe i Vikjo. Var dette siste kamp på grasmatta?

Med ein heimekamp for 1’er-laget igjen og tre for 2’er-laget, gjekk tankane om det kan ha vore siste gang me spelar på gras i Prestavikjo. Banen såg slett ikkje god ut før kamp, og med regnet lavande ned store deler av kampen vart den meir brun enn grøn mot slutten. Kanskje får me ein kamp til før kunstgraset kjem i vinter, elles blir nok resten av kampane spelte på Sand.

Før kampen visste me alle at siger var det som gjaldt. Kun fire poeng skil 2. plass og den nestsiste plassen. Midtbygden har nok alt vunne pulja og rykkjer opp, medan Buøy 2 ser fortapt ut i botn og må ned i 6. divisjon neste år. Resten av laga slår kvarandre i hytt og gevær. Med tap kunne me fort vore på nedre halvdel, men nå luktar me på pallen igjen.

I dag var utgangspunktet at me måtte satse på kraftfotball. Det laget som orka å jobbe mest i søla ville vinne. Trudde me. Finspel tenkte me ikkje var mogleg på dette føret. Det vart mange sugande løp, spelarane velta seg i søla for å vinne duellar, og det var tungt å slå langpasningar. Likevel fekk me til fleire fine angrep gjennom kampen, der me kom rundt på kantane og fekk lagt inn.

Det var jamnt i første omgang, og det var Våganes som kunne ha fått første målet då dei løsna skot frå distanse. Heldivis varta rutinerte Erik W. Vold opp med ei klasseredning der han fekk kasta seg i heile si lange lengde og slått ballen utanfor stanga. Dette var ei TV-redning den gamle Liverpool-keeperen Bruce Grobelaar ville ha vore stolt av.

Etter fleire gode forsøk på innlegg frå Knut Foldøy og Halil Husic på kantane våre, klaffa det endeleg då Halil slo hardt inn i feltet vel halvvegs inn på Våganes sin halvdel. Ballen stussa Daniel Kristiansen fint i boge over målvakta deira og opp i leiing 1-0.

Våganes var fortsatt tøffe å få has på etter skåringa. Det var rutinerte karar gjestene stilte med, om dei berre var 11 stykk. Sistemann ankom Prestavikjo i helikopter! Bortelaget var frampå nokre ganger i løpet av kampen og jobba iherdig, men alle våre menn gjorde jobben sin grundig slik at me slapp mål i mot i dag. Erik hadde ein god kamp i mål, forsvarsrekkja med spesielt backen Nils Arne Moe i spissen gjorde jobben sin til punkt og prikke, midtbanen reiv og sleit, og kantar og spissar spelte seg til fleire fine sjansar.

Nokre minutt før pause slo så Halil sin andre målgivande pasning. Denne gang eit hjørnespark som målvakta deira slo i Tor Arne Sigstad. Frå midtstopparen vår tok ballen vegen inn i nettmaskene, og me fekk ei farleg 2-0-leiing til pause.

I andre omgang haldt Halil fram showet. Om det var for endeleg å overbevise Vinjar Låjen om å gi han poeng på børsen, eller om han berre var yr av glede fordi laget hans Borac Banjaluka leiar tabellen i Bosnia er vanskeleg å vite, men strålande spel varta han likevel opp med. Gode initiativ og to kanonskot i tverrliggjaren og kryss frå 25 meter var høgdepunktet i ein god kamp frå vingen vår. Dessverre vart det ikkje mål. Mål kunne han fått då han kom litt for skeivt på mål på eit innlegg frå Øystein Nærheim etter at Daniel såvidt ikkje nådde fram med tåa si.

Me hadde og eit stolpeskot på hjørnespark før Rene Adjemi kunne punktere kampen med ein flott lobb frå 18 meter over keeper. Ballen sneik seg såvidt under tverrliggjaren og inn til 3-0. Ein herleg lagsiger på den tunge matta. Det einaste skåret i gleda var at Knut vart liggjande på grasmatta etter ein duell i Våganes sitt felt med noko vondt i nakken.  Slikt er ikkje noko å ta sjansar med, så Knut vart sendt til Haugesund for å sjekke at alt er greitt. Der såg tinga heldigvis bra ut.

Fakta:

Mål:

26 min: 1-0: Daniel Kristiansen

38 min: 2-0: Tor Arne Sigstad

80 min: 3-0: Rene Adjemi

Kort:

Ingen

Vinjar Låjen sine poeng:
3 poeng: Halil Husic

2 poeng: Nils Arne Moe

1 poeng: Erik W. Vold

Lag:

Erik W. Vold – Nils Arne Moe, Tor Arne Sigstad, Rune Andre Laugaland, Øystein Nærheim – Tore Bendiksen Søraas, Rene Adjemi, Knut Foldøy, Daniel Kristiansen, Halil Husic – Bjørn M. Steine

Innbyttarar: Christer Hansen, Dagfinn Nærheim, Tor Olav Berge