Nok ein jamn kamp der me ikkje hadde marginene på vår side, og dermed for Sunde forbi oss på tabellen.

Kampane mot Sunde blir alltid tøffe bataljer, men det vil seg ikkje ute i Kvernavigå. Me håpa før denne kampen at dette skulle vere tidspunktet til å ta minst eitt poeng, men Sunde var for effektive, og me for ukonsentrerte.

Me måtte spele kampen i Sunde sine bortedrakter sidan me ikkje kom på at dei har same farge på draktane som oss. Takk til heimelaget for servicen her.

Det vart ein merkeleg kamp, sett frå Suldal si sidelinje. Kampen starta med at me både hadde spel og trykk. God aggresivitet, vilje og fleire kombinasjonar gjorde at det såg ut til at dette skulle vere dagen for siger i Vigå. Me hadde ballen mest, og greidde å avslutte angrepa våre slik at me kom i balanse før Sunde kom på sine forsøk.

(…)

For om det var me som hadde presset, var det sjølvsagt Sunde som gjekk opp i leiinga. Etter 38 minutt kom dei åleine med keeper etter at ballen hadde fått dabbe over forsvaret vårt. I pausen hadde me likevel trua, men me gav ifrå oss ein del av initiativet i første halvdel av andre omgang. Det utnytta Sunde, først på straffe og så på ei kontring. Den siste kontringa burde dei ikkje fått, for rett før vart Rune Andre Laugaland dytta ned i feltet på vårt hjørnespark og burde hatt straffe. Det var likevel ikkje denne avgjersla som gjorde at me tapte, og det var ein vanskeleg kamp å dømme med mykje knuffing frå begge lag, og ein del frustrasjon frå vår side.

Halil Husic hadde nok ein god kamp, denne gang frå sentral midtbaneposisjon. Han slo mange gode ballar og hadde sjølv minst to flotte forsøk på mål (tverrliggjar og redning) før han endeleg traff. Og for eit mål. Frisparket frå 45 meter gjekk over keeper og rett inn til 3-1-redusering. Ekstra surt då at Sunde rett etterpå kontra inn 4-1. Då trudde nok dei fleste at kampen var over. Det vart ikkje betre håp då Geir Bjarte Hoftun fekk direkte raudt kort i ein duell i feltet til Sunde. Noko underleg tykte me, men lite me kan gjere med det.

Vegard Aas ville det derimot annleis. Me har ein tendens til  å slutte å spele som eit lag når me ligg under med to eller fleire mål. Då får me plutseleg så dårleg tid og skal ha ballen raskast mogleg fram. Det vert meir forsøk på einmannsshow. OK, tenkte Vegard, tok ei frekk dragning med innlagt piruett og beina ballen i mål frå vel 20 meter. Det gav inspirasjon til nok ei redusering på overtid då Tore Bendiksen Søraas heada ballen i mål til sluttresultat 4-3 til Sunde.

I ettertid viser resultatet at det vart nok ei jamn batalje mot Sunde. Offensivt viser me mykje bra, og me får tre mål, men defensivt greier me ikkje vere skjerpa nok til siger. Den soga har me høyrt før, og det defensive arbeidet er ikkje berre forsvaret si oppgåve, det startar heilt framme og gjeld kvar mann. Det blir berre så tydeleg når det er dei bak som feilar.

Me får berre slå tilbake laurdag, då me skal ha dobbeltkamp. Først skal 1’er-laget møte Forsand, sannsynlegvis på Eide på Sand rundt kl 12. Etterpå skal 2’er-laget ta imot Randaberg 3 i Vikjo til vanleg tid. Så skal me sjå om me får vaska av oss sorpa og forhåpentlegvis feire poengfangst sidan det er siste heimekamp til 1’er-laget for sesongen.

Fakta:

Mål:

38 min: 1-0: Sunde

60 min: 2-0: Sunde

66 min: 3-0: Sunde

75 min: 3-1: Halil Husic

76 min: 4-1: Sunde

86 min: 4-2: Vegard Aas

90 min: 4-3: Tore Bendiksen Søraas

Kort:

Gule: Tore Bendiksen Søraas, Halil Husic, NN, Vegard Aas.

Raudt: Geir Bjarte Hoftun

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Halil Husic

2 poeng: Tore Bendiksen Søraas

1 poeng: Vegard Aas

Lag:

NN – Nils Arne Moe, Tor Arne Sigstad, Rune Andre Laugaland, Øystein Nærheim – Tore Bendiksen Søraas, Daniel Kristiansen, Erik Bård Bråtveit, Halil Husic, Bjørn M. Steine – Geir Bjarte Hoftun

Innbyttar: Vegard Aas