Fina veret og flott øy.

Det vart tap uti havgapet på ein elles flott dag.

Mange skader, arbeid og sjukdom gjorde at me måtte jobbe ein del for å få nok spelarar til bortekampen mot Kvitsøy. Men eit godt, halvt døgn før kampstart hadde me fått tromma saman ein stor nok gjeng til at me kunne ta ferja ut til denne idylliske øya. Når veret er så varmt, stilt og godt som denne dagen, er turen til Kvitsøy berre kos. Ein roleg stemning møtte oss då me traska kilometeren frå kaien og opp til banen. Denne laurdagen var det tydelegvis open dag på brannstasjonen, og me var nok mange som var misunnlege på ungane som før kampstart fekk sitje i brannbilen og sprute med brannslangen.

For dei som kjem frå gardar med tradisjon, gjekk startsignalet for kampen i same augneblink som arbeidskarane sette seg til med grautsleiva, altså ved non, eller klokka 12.

Bestemann og målskårar: Jone

Første halvtime av kampen øydela utgangspunktet for eit godt resultat for oss. Kvitsøy, som både hadde hatt kamp og lagfest dagen før, tok føringa og var dei som var mest bestemte på å få ballen i mål. Me vart for putlete både i forsvar, på midten og framme, og greidde verken å treffe ballen eller kvarandre skikkeleg. 2’er-laget vårt slit med at det stadig er nye spelarkonstelasjonar, kontinuitet på lagoppstillinga er dessverre mangelvare. Om det kan vere eit minus med tanke på samspel, så er det likevel kjekt at så mange er med og bidreg til at me greier å ha to lag.

Då første halvtime var over, leia heimelaget 3-0 etter mål på gjennomløp, ein ledig på bakre stolpe og  eit skot. Me stod og såg på, gjekk ikkje i press, plukka ikkje opp ledige spelarar og hadde generelt ikkje den store trua. Jone Utbjo var det einaste lyspunktet i denne perioden. Han jobba og sprang, og hadde fleire nestensjansar til å redusere.

Inge fekk sitt første mål for Suldal.

I slutten av 1. omgang og i andre omgang gjekk det noko betre, utan at det var den heilt store fotballen. Det var likevel godt å sjå at me nå trødde litt meir til og greidde å spele litt saman. Me augna håp då Inge Lunde skåra sitt første mål for Suldal omtrent ti sekund etter at han vart sett inn som spiss. Bjørn M. Steine kom åleine mot keeper, prøvde å runde han, men vart takla og felt. Ein skulle tru det skulle blitt frispark og utvisning av motstandaren sin siste mann, men Bjørn fekk tuppa ballen til Inge noko skrått på mål. Dommaren vurderte situasjonen til fordel, og den utnytta Inge godt. Frå kanten av 16-meteren fekk han plassert ballen i ope mål.

Dessverre fekk Kvitsøy eit nytt mål rett etter på eit hjørnespark på heading, og åtte minutt etter det vart det reprise. Dermed var det fem mål imot, stort sett fordi me ikkje er tøffe nok i markeringane. Vår keeper kunne lite gjere med desse baklengsmåla. Tvert imot forhindra han ved eit par høve Kvitsøy i å putte fleire mål.

Rune hadde mange gode raid langs høgrekanten.

To minutt før slutt fekk me nok ei redusering då keeper sparka langt ut. Bjørn stussa på hovudet og gjennom til Jone. Åleine med keeper sette han ballen fint i mål. Det lukta ganske sterkt av offside, men skitt au. Mål er mål, spesielt sidan det var Jone sitt første for Suldal.

Tapet var fortent, me var ikkje tøffe nok under kampen til å slå skikkeleg frå oss. Om det blir tap på papiret er ei anna sak. Det er mogleg det var ting på dommarkortet som ikkje stemde overeins med dei spelarane som var på banen, noko dommaren gjorde oss merksame på og kom til å rapportere. Dermed kan det hende resultatet blir bestemt på fotballkretsen sitt kontor. Det vil tida vise.

Tore gjorde eit godt comeback for Suldal.

Fakta:

Mål:

8 min: 1-0: Kvitsøy

12 min: 2-0: Kvitsøy

29 min: 3-0: Kvitsøy

77 min: 3-1: Inge Lunde

78 min: 4-1: Kvitsøy

86 min: 5-1: Kvitsøy

88 min: 5-2: Jone Utbjo

Gule kort:

Christer Hansen, Kjetil Berget

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Jone Utbjo

2 poeng: Rune Lovra

1 poeng: Tore M. Steine

Lag:

NN – Vidar Hilde, Tor Olav Berge, Daniel Kristiansen, Inge Lunde – Rune Lovra, Ørjan Underbakke, Christer Hansen, Bjørn M. Steine – Jone Utbjo, Kjetil Berget

Innbyttar: Tore M. Steine