Det er tøffe kampar for 2’er-laget i byn. Nok ein gong vart det eit knepent tap i ein ganske jamn kamp.

Kampen gjekk på Stemmen der me tidlegare til tider har spelt på ein grus/steinbane midt i eit elveleie. Nå har dei etter mange års kamp fått kunstgras. Men kunstgraset var ikkje heilt som vanleg; i lengste laget og utan krøll. Dermed skal det skiftast ut etter sesongen. Underlaget gjorde at det var vanskeleg å spele ballen langs bakken, ballen vingla rett og slett.

Det var likevel ikkje grunnen til tapet. Igjen slepp me inn for lette mål. Første målet imot kom på eit sjølvmål då Bjørn Vidvei var uheldig og stanga eit hardt innlegg rett i mål. Andre målet til Tasta 2 kom då vår keeper sleiva på eit utspark og gav ballen til ein motspelar som stod heilt åleine.

Det tredje målet deira kom på ein lang ball framover. Spissen deira fekk springe gjennom åleine og kunne lobbe over ein

Madland Steine nr 1: Kaptein og poeng på børsen: Sindre

utrusande keeper, og det siste målet til heimelaget kom då ein fekk stå upressa mest på dødlinja og skyte under keeper og  i mål på første stolpe. Det går på konsentrasjon og å gjere dei rette tinga automatisk. Der er me ikkje alltid heilt på.

Sjølv om det vart tap, var det likevel ein jamn kamp. Me hadde med nokre 1’er-spelarar, og det såg det jammen ut som at Tasta 2 og hadde. Dei hadde spesielt eit par framme som var kjappe, og dei var ganske stødige bak.  Våre to beste i dag, Tore Bendiksen Søraas og kaptein for dagen Sindre M. Steine i midtforsvaret, fekk kjørt seg, men løyste oppgåvene godt. Tore var og aktiv i oppspelsfasen og hadde målgivande då han sendte ein lang krossar over til Bjørn M. Steine på motsatt side. Bjørn steig til vers og stanga ballen i mål til redusering 2-1.

Knut Foldøy prøvde seg og på banen igjen etter nakkeskaden han fekk mot Våganes i Vikjo. Han kom inn og tok på seg Evra-rolla – opp og ned langs venstresida. Han tok mange gode løp, og blei løna med nettkjenning då han etter fint spel fekk ballen frå Espen Lorenzen på ca 18 meter. Knut klinka til og ballen inn til utlikning 2-2.

Madland Steine nr 2: Mål og poeng på børsen: Bjørn

Nå burde me ha tatt over. Me var i siget og heimelaget noko frustrerte. Men vekta tippa i Tasta 2 sin favør. Det var dei som fekk leiarmålet igjen, og til slutt sette dei spikaren i kista med 4-2. Me hadde nokre sjansar til å få mål, Kjetil Berget heada like utanfor på korner, med anna, og me hadde nokre skot som dessverre ikkje var heilt innstilt.

Til helga satsar me på dobbeltsiger, både 1’er- og 2’er-laget har heimekamp til helga.

Fakta:

Mål:

8 min: 1-0: Sjølvmål Suldal

13 min: 2-0: Tasta 2

16 min: 2-1: Bjørn M. Steine

70 min: 2-2: Knut Foldøy

73 min: 3-2: Tasta 2

76 min: 4-2: Tasta 2

Gule kort:

Sindre M. Steine og eitt til Tasta 2

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Tore Bendiksen Søraas

2 poeng: Sindre M. Steine

1 poeng: Bjørn M. Steine

Lag:

NN – Bjørn Vidvei, Tore Bendiksen Søraas, Sindre M. Steine, Audun Hilde – Vidar Hilde, Ørjan Underbakke, Daniel Kristiansen, Bjørn M. Steine – Inge Lunde, Kjetil Berget

Innbyttarar: Espen Lorenzen, Knut Foldøy