Det vart ein herleg slitesiger for 2’er-laget og denne laurdagen på Eide på Sand.

Ein times tid etter at 1’er-laget hadde vunne mot Forsand, var det Randaberg 3 som møtte opp for å spele mot 2’er-laget vårt. Starten kunne ikkje vore betre. For ein gangs skuld var det me som tok føringa frå start og leia 2-0 alt etter ti minutt. Første målet vårt kom etter fem minutt, då Geir Bjarte Hoftun tok eitt av sine lange innkast. Ballen landa i feltet der den traff ein motspelar som var uheldig og laga sjølvmål.

Me haldt fram presset og fekk 2-0 då Christer Hansen var først på innlegget frå Tommy Espe på høgrekanten. Christer viste typiske måljegareigenskapar, lukta kor ballen ville komme, heiv seg framfor forsvarsspelaren og sklei ballen i mål.

Randaberg 3 kom seg litt etter kalddusjen, men me fekk framleis nokre sjansar. Nærast var Øyvind Gjuvsland då han heada over etter eit godt hjørnespark frå Hans Erik Svennes. Geir Bjarte kan og meir enn å kaste, han prøvde fleire ganger skotfoten, og var berre nokre centimeter frå å prikke ballen i mål. Men det var gjestene som fekk eit lite psykologisk overtak då dei reduserte til 2-1 rett før pause på ei kontrin.

I andre omgang såg det ut til at me skulle få det tøft. Vinden auka på, og det var tungt å komme seg ut av eige forsvar. Ingve Berge i mål måtte berekne vinden både når Randaberg 3 skaut og slo hjørnespark, og nå han skulle skyte ut ballen. Ådne Nærheim sitt gode tilslag på ballen var til stor hjelp då vinden var på sitt verste.

Heldigvis var det Suldal som fekk neste mål, då Rune Lovra kunne setje ballen mellom beina på ein utrusande keeper etter flott kontring av Øyvind og Christer etter 66 minutt. Dessverre greidde bortelaget å redusere like etter, slik at dei siste tjue minutta blei knallharde. Alle spelarane viste stor innsats og vilje, og greidde til slutt å ri av presset og hanke inn tre nye heimepoeng.

Fakta:

Mål:

5 min: 1-0: Sjølvmål

9 min: 2-0: Christer Hansen

43 min: 2-1: Randaberg 3

66 min: 3-1: Rune Lovra

69 min: 3-2: Randaberg 3

Gult kort:

Geir Sigmund Bratland

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Christer Hansen

2 poeng: Odd Åsgeir Lunde

1 poeng: Ingve Berge

Lag:

Ingve Berge – Terje Gjuvsland, Odd Åsgeir Lunde, Tor Olav Berge, Dagfinn Nærheim – Tommy Espe, Ørjan Underbakke, Geir Sigmund Bratland, Hans Erik Svennes – Christer Hansen, Geir Bjarte Hoftun

Innbyttarar: Øyvind Gjuvsland, Hans Olav Brustveit, Ådne Nærheim, Rune Lovra, Tor Kåre Møgedal

Mål: Christer Hansen, Rune Lovra og eit sjølvmål.

Meir i morgon.