Siste bortekamp for 2’er-laget visste me ville bli ei tøff nøtt.

Sif 3 toppar tabellen og er det einaste laget som har vunne inne i Suldal mot 2’er-laget. Me hadde og ein del fråvær i skader og  jobb, slik at me måtte kalle inn ein ny come back-kid, Frank Robert Sagsveen. Han trudde han skulle kvile benkjen størstedelen av kampen, men tidlege skader gjorde at han måtte tidleg i dyst. Keeper NN måtte til sjekk på sjukehuset etter at han landa vondt på ballen. Sannsynleg to brekte ribbein var fasiten der. Dermed måtte Kjetil Berget trø til  som reservekeeper, noko han gjorde på flott vis med mange gode inngripnadar. Ørjan Underbakke måtte og ut i første omgang med hoven ankel etter ei takling.

Kampen starta sjølvsagt med mål imot etter eitt minutt, då dei utnytta fart, kom rundt og la inn til umarkert spelar på fem-metern. 2-0 fekk dei på ein høg ball frå død vinket, og så kom me inn i kampen. Ådne fyrte av frispark, der eitt av dei hadde nydeleg retning mot krysset før keeperen deira fekk slått den vekk. Men i staden for redusering, vart det 3-0 då Sif fekk lobba ein ball over vår målvakt.

I andre omgang kom spelet vårt seg ytterlegare, me hadde ballen mest og pressa på for å få mål. Nærast var Christer Hansen då han spelte vegg med Jone Utbjoa og fyrte rett i treverket der stolpen møter tverrliggjaren. Den hadde fortent betre. Tor Kåre Møgedal hadde og nokre gode skotforsøk, men det ville seg ikkje. Dermed gjekk Suldal mållause av banen for første gang på det underteikna kan minnast. Det var heimelaget som fekk det siste målet og, på ei flott og kontant heading etter korner. Sif fekk og ein spelar noko uforståeleg utvist etter ein situasjon der dei meinte dei hadde trilla ballen i målet vårt. Bjørn Vidvei fekk sparka ballen vekk, men den var nok eigentleg inne. SÅ frustrasjonen for heimelaget i nett den situasjonen går det an å forstå…

Nå ventar to heimekampar på 2’er-laget før sesongen er over.

Fakta:

Mål:

1 min., 12 min., 40 min., 57 min.: SIF 3

Gule kort:

To gule og eitt raudt til SIF 3

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Ådne Nærheim

2 poeng: Tore M. Steine

1 poeng: Kjetil Berget

Lag:

NN – Bjørn Vidvei, Vidar Hilde, Ådne Næreheim, Tore M. Steine – Kjetil Berget, Ørjan Underbakke, Christer Hansen, Jone Utbjoa – Tor Kåre Møgedal, Espen Lorenzen

Innbyttar: Frank Robert Sagsveen