Siste kampen for 1’er-laget i år var mot alt opprykksklare og suverene Midtbygden frå Tau.

Det er ei stund sidan me har slått dei grøn- og kvitstripete nå, me var nære i vår, men det ville seg ikkje denne sesongen heller.

Me hadde absolutt noko å spele for i denne kampen. Forutan lysta til å slå rivalen før dei tek steget opp ein divisjon, var det og viktig med poeng for å komme høgast mogleg på tabellen. Før kampen var me på 2. plass, men fleire lag hadde ein kamp mindre og kunne gå forbi oss. Det er dessutan ikkje alle kampane som er avgjort endå, så me får smøre oss med tolmod for å sjå kva plass me endeleg kjem på.

MIL var nærast å gå opp i leiinga av kampen då dei tidleg kom rundt på kanten og fekk lagt inn til ein framfor mål som heada utanfor. I det store og heile var det her me hadde problem i første omgang, Midtbygden var flinke til å doble på kantane, komme rundt og leggje inn. Det var nok litt meir fart i beina til strandabuen. Men me kunne og ha vore laget som gjekk i føringa då Knut Foldøy kom ut på sida og la inn på første stolpe. Her kom ein opplagt Vegard Aas stormande og pressa keeper slik at han måtte gi hjørnespark.

Hjørnesparket fekk me ikkje noko utav, men like etter greidde vertane å utnytte sin corner. Dei slo fint inn, me fekk ikkje klarert, og motstandaren sin spiss sette ballen fint i mål bak Erik W. Vold på heil volley. 1-0.

Me jobba hardt og godt vidare i kampen, men kom ikkje til dei store sjansane. Kreftene våre gjekk til å halde MIL unna vårt mål, for det var dei som fekk grep om midtbanen i dene omgangen. Vel halvtimen var spelt då dei fekk straffe etter hands i feltet. Erik var ikkje nøgd med oppmålinga av straffemerket, det er spørs om dei kanskje har brukt alnamålet i staden for metermål. Erik skritta sjølv opp 11 meter, og han er ikkje vidare stutt i lortafadlet. Kan hende distraherte dette straffeeksekutøren, for straffa gjekk i stolpen og retur utanfor.

Likevel blei det snart 2-0 då MIL vinn ballen for lett ved dødlinja vår. Frå nesten død vinkel sette dei ballen i mål.

Me gav oss likevel ikkje, med anna prøvde Halil Husic seg på langskot like utanfor. Godt og aggresivt press gav oss til slutt redusering då Øystein Nærheim drog seg inn i feltet og fekk gitt inn til Vegard som kunne plassere ballen i mål til 2-1 frå sju meter. Denne energien skulle me halde inn mot pause, men sjølvsagt fekk heimelaget eit viktig mål rett før pause. Dei rulla opp eit fint angrep som blei avslutta på bakre stolpe frå ein ledig grøn/kvit kar.

I pausa la me om for å få grepet om midtbanen og hindre doblinga deira på kantane. Omlegginga såg ut til å virke noko, for Midtbygden kom ikkje til det heilt store i starten av omgangen. Me jobba og jaga og prøvde å spele meir enn me fekk til i første omgang. Me lukta mål. Men plutseleg låg ballen rett framfor den høgreiste spissen deira, tre meter frå Erik i mål, og ingen av våre forsvararar såg ut til å ville få ballen vekk. Dette blei nok eit tilbod som var for godt til å vere sant for motstandaren, og sette ballen rett på Erik.

Dermed fekk me sjansen til å komme inn i kampen igjen. Halil fekk frispark midt på deira halvdel. Han tok det sjølv, traff perfekt og Tore B. Søraas kom siglande i lufta og stanga inn 3-2. Me hadde nokre sjansar til å få ballen i mål etter dette og. Knut tok frispark som keeper måtte slå over mål. Erik Bård Bråtveit starta eit flott angrep frå back-posisjonen sin då han trekte opp og inn i banen, og Rune Andre Laugaland heada på innsida av stolpen på hjørnespark. Men mål blei det ikkje. Midtbygden kunne nok fort fått eit mål siste ti minutta då me bytta ein forsvarar mot ein spiss i håp om utlikning.

Til slutt vann det beste laget. I år gav me Midtbygden skikkeleg kamp i begge oppgjera, men som i mange andre kampar i år, me greidde ikkje å avgjere. Sesongen har vore spekka med jamne kampar der me sjeldan har blitt utspelt. Tvert i mot er det me som har ført mykje, men ikkje greidd å avgjere. Me startar ikkje å jobbe før me ligg eitt og to mål under. I fjor vann me desse jamne kampane, mens me i år har gått på nokre unødvendige tap fordi me slepp inn for enkle mål. Me må nok terpe defensive røynsler i vinter og halde varmt tendensene til finspel som fører til mål. Det skulle vel vere enkelt….?

Les Midtbygden sitt referat her.

Fakta:

Mål:

10 min: 1-0: MIL

38 min: 2-0: MIL

42 min: 2-1: Vegard Aas

44 min: 3-1: MIL

61 min: 3-2: Tore Bendiksen Søraas

Gult kort:

Øystein Nærheim

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Vegard Aas

2 poeng: Halil Husic

1 poeng: Tore Bendiksen Søraas

Lag:

Erik W. Vold – Nils Arne Moe, Tor Arne Sigstad, Rune Andre Laugaland, Erik Bård Bråtveit – Knut Foldøy, Tore Bendiksen Søraas, Øystein Nærheim, Halil Husic – Jone Utbjoa, Vegard Aas

Innbyttarar: Christer Hansen, Tor Olav Berge, Ådne Nærheim