Det tikka inn ei melding om at Sviland i ei svært uoffisiel kåring har kåra kapteinen vår, Tore Bendiksen Søraas, til beste spelar i pulja vår.

Tore toppa med 6 av totalt 16 stemmer. Det er slett ikkje ufortent, og når poengbørsen vår blir revidert for siste gang, vil nok den og vise at Tore har vore vår bestemann i år og. Gratulerer og godt spelt. Tenk om Tore hadde fått vore skadefri ein gong….

Konkurrentane var: Svensken på Brodd 2 (0 stemmer), Han engelske på Sunde (1 stemmer), Han litle tette på Forsand (0 stemmer), Alf Inge Håland (2 stemmer), Oppmannen på Vardeneset 2 (2 stemmer), Spissen på Våganes (0 stemmer), Han sure på Buøy 2 (1 stemmer), Han lynkjappe spissen på Sviland (4 stemmer)