Vinnarar 2010!

Torsdag 30. desember var det på nytt duka for nyttårsturnering i fotball i gymsalen på Vinjar.

Tradisjonen tru hadde deltakarane meldt seg på, og laga vart trekte. I år var det 27 fotballspelarar fordelt på 9 lag. Det var to grupper. Ei gruppe med laga 1, 2, 3 og 4, og ei gruppe med laga 5, 6, 7, 8 og 9. Dei to beste frå kvar gruppe gjekk til semifinale. Kvar kamp, utanom finalen, var på 7 minutt. Finalen var på to gonger 5 minutt.

Det var spenning heilt til slutt i begge grupper om kven som gjekk vidare. Frå gruppe 1 gjekk lag 1 (Svein Egil, Ådne og Fredrik) og lag 2 (Dagfinn N., Nils Arne og Tor Olav) vidare. Frå gruppe 2 gjekk lag 7 (Terje, Odd Åsgeir og Øystein) og lag 9 (Ingve L., Sindre og Rune Andre) vidare.

Semifinalane vart slik:
Lag 2 vs. lag 7
Lag 1 vs. lag 9

Begge semifinalane var jamne. Til slutt gjekk lag 7 og lag 9 seirande ut. Det vart altså eit nytt møte mellom lag 1 og lag 2 i bronsefinalen og lag 7 og lag 9 i finalen. Lag 1 vann bronsefinalen.

Finalen gjekk over to omgongar. Til pause var stillinga 0-0. Det var ein jamn kamp, men kanskje med eit lite overtak til lag 7. Ved fulltid var stillinga framleis 0-0. Regelen er då slik at det vert spela sudden death, maks 3 minutt. Vert det heller ikkje då mål, er det straffesparkkonkurranse. Men etter 1 minutt ut i tilleggstida fekk Terje Gjuvsland ballen midt på bana. Han såg sikkert ein opning, for med ein knallhard markkrypar sat ballen i mål! Lag 7 levde opp til favorittstempelet og vann nyttårsturneringa 2010.

Det var fine premiar til alle semifinalelage. Ein stor takk til Suldal Billag, Statkraft, Sr-Bank og Suldal Transport for premiane!

Ein stor takk skal og Neri, Svein Øystein og Dagfinn H ha, som skipa i stand turneringa. Takk og til Dagfinn H for referat. Fotografen og overteikna måtte dessverre gå før sluttspelet.

Her ser de spelarane, så fjåge att! Klikk på bileta, så får de sett nærare på dei.

Godt nyttår!

Lag 1

Fredrik Deilkås

Svein Egil Holmestad

Ådne Nærheim

Lag 2

Nils Arne Moe

Dagfinn Nærheim

Tor Olav Berge

Lag 3

Kjetil Steinbru

Tor Inge Bråtveit

Christer Hansen,

Lag 4

Ørjan Underbakke

Vidar Hilde

Ingve Berge

Lag 5

Lars Kristian Bakka

Neri Fisketjøn

Torbjørn Indrebø,

Lag 6

Sigvart Vårvik

Svein Øystein Berge

Siri Fisketjøn Indrebø

Lag 7

Øystein Nærheim

Terje Gjuvsland

Odd Åsgeir Lunde

Lag 8

Dagfinn Havrevoll

Simmen Bratland

Erik W. Vold

Lag 9

Rune Andre Laugaland

Sindre M. Steine

Ingve Landsnes.