Første obligatoriske seniorkamp for i år er spelt. Vidar Hilde fortel:

Så var det endeleg klart for årets første 7’er-kamp for oss i byn, me stillte opp laget i ein 2-3-1 formasjon, litt rustne og usikre på kva som er taktisk lurt i 7’er-fotball.
Første omgang blei prega av litt usikkert spel for suldal sin del, lange ballar beint fram på kort bane funkar dårleg fann me ut. Øyane derimot var sikrare på kva som var lurt på kort bane, ligga litt djupt med ein  4er på midten med 2 bak og satse på kontringsfotball var ein god plan for dei.
Me la om til 2-4 formasjon etter pause med vekslande hell. Me fekk mykje spel opp på øyane sin banehalvdel men var altfor sårbare bakover. Slapp og inn altfor lette mål på frispark utanfor 7 meteren (?) der me ikkje var oppmerksomme nok på motspelarane.
Likevel var det kjekt å spela fotball i eit sånt fantastisk vær og godt å komma igang med sesongen, med 2 gode mål av Bjørn M Steine og Vidar Ritland redda me litt av stoltheten vår og ser fram til neste kamp.
Fakta:
Mål:
For Suldal 2: Bjørn M. Steine og Vidar Ritland
Lag:
Lag: Thomas Brustveit, Rene Adjemi, Vidar Hilde, Vidar Ritland, Bjørn Vidvei, Bjørn M. Steine, Sindre M. Steine, Ørjan Underbakke, Rune Lovra