G13-laget er eit samarbeidslag mellom Suldal, Nesflaten, Jelsa og Erfjord. Me har vore heldige å få med oss Helge Gjerde frå Jelsa som trenar/lagleiar og Gro Fisketjøn som oppmann. Tilsaman er det 18 spelarar som er med på laget. Dei har i vinter berre vore samla to gonger i suldalshallen. Det var av den grunn ein spent gjeng som skulle spela første seriekamp på Jelsa.

Suldal opna kampen sterkt. Allereie etter 6 minutt scora Isak Berge Espe. 1-0 til Suldal! Målet kom etter eit fint innlegg frå høgrekanten. Etter dette var det ein periode der ingen av laga hadde eit spesielt overtak. Spelet bølga frå den eine halvdelen til den andre.Etter 15 minutt scora Skjoldar/Vats/Vikebygd (S/V/V). Det var tendes til mykje bra spel av begge lag. Mange fine kombinasjonar og pasningar. Midtveis i 1. omgong kom Torjus Steine inn på laget. Det gjekk ikkje lenge før han hadde kom opp på sin høgrekant. Torjus tok saka i eigne hender (eller føter), og med eit bra skot sette han ballen i mål til høgre for målvakta. 2-1 var også resultatet til pause.

Starten på 2. omgong var jamn. Det tok heile 15 minutt ut i omgongen før den første store sjansen kom. Det enda i mål til S/V/V. Stillinga var no 2-2. Kampen såg no ut til å enda uavgjort. Men S/V/V ville det ikkje slik. Like før slutt klarte dei å setja vinnarmålet inn bak målvakta til Suldal. Kampen enda 2-3 til Skjoldar/Vats/Vikebygd.

Lagleiarar og tilskodarar var godt nøgde med kampen til Suldal. Her var det mykje positivt å byggja vidare på. Neste kamp er borte mot Ølen 11. mai.

Fakta:

Mål:

6 min: Isak Berge Espe

15 min: Skjoldar/Vats/Vikebygd

29 min: Torjus Steine

53 min: Skjoldar/Vats/Vikebygd

67 min: Skjoldar/Vats/Vikebygd

Lag:

Odd Inge Austarå, Isak Berge Espe, Daniel Moe Olsen, Steinar Førland, Tom Fisketjøn Wærnes, Viljar Bakka Svennes, Torjus Steine, Gjøran Torin Helgeland Våge, Kjartan Natland, Birger Erfjord, Gjermund Sandvik Halgunset, Anders Emil Romsbotn, Daniel Johan Sola Gjerde, Kristoffer Øigjord, Markus Bjørnestad, Ådne F. Jordebrekk.