Suldal har møtt kvardagen i 1. divisjon etter mange og store seirar dei siste sesongane. Tilveret i 1. divisjon er tøff og det vart klart tap mot Skjoldar i sesongens 3. kamp. Dette er eit lag Suldal slo 3-1 seinast  i hausten 2010, men det vart tidleg klart at det var eit kvassare Skjoldar-lag som stilte til kamp denne gong.

Likevel var det Suldal som starta best og allereie etter 3 min vart Lars Hebnes spelt fint gjennom av Vegard Natland. Avslutninga vart redda av keeper. Minuttet etter fekk Vegard ein dytt i ryggen innanfor 16-meteren men dommaren vinka spelet vidare. I staden for straffe kontra Skjoldar inn 1-0. Suldal fortset med godt spel, vinn duellar og kjem til sjansar. Men Skjoldar er effektive og scorer 2-0 etter ein corner.

Midtvegs i omgangen blir det tydeleg at dette ikkje er dagen marginane er med oss. Johannes Wigestrand avsluttar eit angrep med skot i tverrliggaren og rett etterpå ser alle bortsett frå dommaren at Suldal skulle hatt straffe då Vegard vert klart felt av Skjoldar sin midtstoppar då han var på veg gjennom. Då var temperaturen høg både på banen og benken!

Utover i omgangen tek Skjoldar over meir av spelet. Dei kjem til fleire sjansar og får 3-0 etter retur frå keeper Patrick Weerstand som elles gjorde ein grei kamp med fleire gode redningar. På tampen av omgangen får Skjoldar straffe etter ei vel hard takling inne i feltet.

I starten av 2. omgang er Skjoldar klart best og scorer 3 mål etter gode prestasjonar. Eitt av måla skulle likevel vore annullert for offside, noko trenar Morten Jelsa påpeikte såpass tydeleg overfor dommaren at han vart belønna med gult kort.

Etter 20 min av 2. omgang fekk Suldal endeleg ei redusering då Ingvald Sandvik Halgunset heada ein presis corner frå Steffen Øigjord kontant i mål. Suldal kjempa godt i avslutninga av kampen men fleire mål vart det likevel ikkje. Oppsummeringa får vere at Suldal på sitt beste spelar jamt med serieleiaren i 1 div., men sviktar litt i avgjerande situasjonar i begge endar av banen.

Allereie tysdag 10. mai er det klart for ny kamp. Då kjem Avaldsnes på besøk til Erfjord stadion på Moane.

Referent: Øyvind Halgunset

Fakta:

Mål:

5 min: Skjoldar

11 min: Skjoldar

28 min: Skjoldar

39 min: Skjoldar

48 min: Skjoldar

53 min: Skjoldar

55 min: Skjoldar

60 min: Ingvald S. Halgunset

Gule kort:

Patrick Weerstand, Christian Smithson, Morten Jelsa

Lag:

Patrick Weerstand, Stian Jelsa, Pål Erik Jelsa Landsnes, John Herman Ås, Lars Lavalette, Christian Smithson, Steffen Øigjord, Ingvald Sandvik Halgunset, Johannes Wigerstrand, Vegard Natland, Lars Hebnes

Innbyttarar: Lars Kristian Bakka, Hallvard Erfjord, Terje Åsland Nevøy, Gunnar Klungtveit